To gutar og ei bryggje

Hallvard med si kjære Liv på 17. mai i Fjågesund Hallvard med si kjære Liv på 17. mai i Fjågesund Fjågesund bryggje ca. 1950 Fjågesund bryggje ca. 1950

Rett på innsida av varehalli på bryggja i Fjågesund var det stabla kasser med tomme brusflasker. Alle desse flaskene kunne pantast; det trudde bror min og eg. Dette var i femti-åri og me kunne ikkje forstå kvifor ikkje andre hadde nytta høvet til å få pengar på denne måten.

Me kom frå Bærum, og var vane med å leite etter flasker langs vegane og andre stader heime. Var me heldige, fekk me pengar nok til ein brus eller ein is. 17. mai var den beste dagen for slik aktivitet.

Kvar sumar feriera vi på ein gamal husmannsplass midt mellom Kviteseid gamle kyrkje og Fjågesund. Då var det ingen veg langs Kvitesieidvaten. Når mor eller far skulle hente post eller ringe, måtte me til Haugan. Og på bui omom brygja fekk me det me trengte av mat og fiskeutstyr. Stor fisk fekk me aller!

Me bruka trebåt for å kome frå Lia-bukti og til Fjågesund bryggje. Der festa me båten på den vesle sanden rett på nordsida av varehalli. Derifrå var det umaugleg ikkje å sjå kassene med tomgods rett omafor. Båten vår var av typa tunejolle. Me tykte det var litt finare enn dei to-tri pråmane som ofte låg ved sida av, oftast grøne eller ljose gilde fargar.

Hallvard og broren Eigil i Lia Hallvard og broren Eigil i Lia

Raslinga av kjettingane som rørte seg då båtane låg og slo , kan eg enno hugse. Det same er det med skvulpinga under varehalli. Når me høyrde det, kjente me at me var i Fjågesund. Desse lydane ga ein spennande stemning nede ved bryggja.

Godt at vi hadde foreldre som kunne forklare at i Fjågesund var folk så ærlege at tomflasker fekk stå i fred til Victoria eller Telemarken henta dei. Dei skulle til Skien for å bli vaska. Og fylt med brus og kanskje landsøl.

Når folk var så ærlege, vart det til at me såg på fjågesundingane som særleg tillitsfulle. Mest som englar. Seinare er det fjågesundingar som har fortalt meg at desse engle-tankane kanskje ikkje er heilt presise.

Hallvard Håstein