Stortjuven Halvor GunnesonHalvor Gunneson var fødd på ein plass i Fjågesund i 1796. Det vart sagt at han i sin ungdom var ein likandes kar i bygda, og populær blant jentene. Han fekk lite skulegang, men det blei sagt at han hadde eit godt hovud. Det ryktast at han alt i tidleg alder dreiv med noko smånasking, men aldri noko så verdifullt at folk gjorde noko med det. I ein alder av 20 år vart han trulova med ei jente i Fjågesund, men måtte bryte trulovinga då foreldra hennar nekta å godkjenne giftarmålet. Dette gjekk sterkt inn på guten, og han reiste frå bygda. Det neste ein høyrer om han, er i "bolt og jern" på Akershus festning, der han fekk dom for tjuveri. Livet bak murane passa han heller dårleg, så snart såg han sitt snitt til å koma seg vekk. Etter å ha kvitta seg med boltar og jern,
Halvor fortsette etter dette si karriere som tjuv, med fleire turar inn og ut av fengsel. Det var ikkje før han som gamal mann, trøytt og utkøyrd, søkte sjølv om å få sone straffa si, at han heldt seg lengje nok innafor murane til å søkje og få kongens benådning. Han kom att til bygda i 1860-åra og enda sitt liv som ein fattig mann. Historia seier at han gøymde vekk tjuvgods i bygda som han ikkje greidde å finne att, så kanskje kan ein vera heldig viss ein leitar.. |