Bergsto -
bygda som ikkje må bli gløymd!

Av Aslaug Marie Tormodsvik (2016)

Der Flogåi kastar seg nedetter liane og ned i Flåvatn, går kommunegrensa mellom Nome og Kviteseid. Den fyrste grenda me kjem til i Kviteseid, på sørsida av vatnet, heiter Bergsto. I denne bygda voks eg opp, og eg har lyst til å skrive litt om gardane og plassane og folket her.

Artikkelforfattaren på gamle tomter - ved skulen der ho gjekk alle sju åra. Artikkelforfattaren på gamle tomter - ved skulen der ho gjekk alle sju åra.

Den fyrste plassen etter grensa heiter Flatin. Der sto det ei lita stoge som var flytt frå Vestgarden i Fjågesund. Truleg er huset «fløta» på fjorden og sett opp der. Det var slik dei flytte hus der ute i gamle dagar. På Flatin budde det ein einsleg mann frå Kviteseid som heitte Kvennes. Han såg visst litt skummel ut, og Aslaug Lauvstad har fortalt at når ho og mor mi var på besøk på Groa, fekk dei beskjed om ikkje å gå dit.

Neste plass me kjem til er Groa. Det er visstnok ein plass frå syttenhundretalet. Det står hus der nå og, men dei er av nyare dato. Nå kan ein køyre dit med bil, på eit vis! Mine oldeforeldre, Margrethe og Olav, budde der på attenhundretalet. Ein av sønene deira, Hans, beheldt Groa-namnet da han flytte til Lunde. Min bestefar, Andreas, tok Nordheim til etternamn da han kjøpte Strånd og kalla staden for Nordheim. Det ligg lenger vest i bygda. Foreldra hans flytte med han til Nordheim.

Seinare budde Gunhild og Mikkel der. Dei fekk ein son som døydde som liten og vart gravlagt på kyrkjegarden i Fjågesund. Mikkel hadde dårleg helse, medan Gunhild eller ”Nilla” som ho vart kalla, var sterk og måtte syte for det daglege brød. Ho tok seg blant anna av gamle og skrale, og der hadde dei det godt. Oldemor mi, Margrethe, som var fødd på Grotnes, kom attende til Groa som gamal enke og døydde der i 1936. Nilla, som kom frå Flåbygd, rodde ofte til bui i Fjågesund for å kjøpe det mest nødvendige for det vesle ho hadde. Ein kunne høyre når ho kom, for ho rodde på ein spesiell måte.

Etter Groa låg Bjønneholet, ein liten plass nede ved vatnet. Staden er attgrodd nå, og eg har ikkje funne ut kven som budde der. Gjeng me vidare vest— og oppover, kjem me til Åse. I min barndom budde Johanne og Sveinung Kåsa der. Dei hadde fleire barn, men dei fleste hadde flytt ut da. Dei eg hugsar var Mathias, Torstein og Solveig. Solveig er eit par år eldre enn meg, men me gjekk på skulen saman, og av og til om laurdagane vart eg med henne heim. Det er bratt opp til Åse. Når vatnet var lite, kunne me gange på steinane langs ein fjellvegg, eller me tok ein veg lengre oppe i lia. Det var alltid moro å koma til Åse. Kåsa-familien flytta til Lunde på slutten av femtitalet, og sidan har ingen budd der fast. Staden er nå eigd av yngstedottera Solveig Hermansen i Lunde. Nå er det bilveg dit!

Nede ved fjorden, litt lengre vest, kjem vi til Finsand. Denne staden vart utskild frå Kåsa i 1921, og Kjetil S. Finsand og kona Guro bygde hus der. I mi tid budde Magnhild og Olav Finsand der. Magnhild var flink til å veva ryer, og dei fyrste ryene mine var det ho som vov. Magnhild og Olav hadde gode vener på andre sida av vatnet. Det var ein del ”selskapeleghet” mellom desse venepara, og eg høyrde dei vaksne sa at det var rart det gjekk bra med desse roturane over vatnet. Olav Finsand var temmeleg gamal da han gjekk gjennom isen utanfor Vik. Der vart han liggande lenge før nokon høyrde ropa hans og fekk han opp. Kristoffer Haugan køyrde skulebuss og post på den tida. Han køyrde så fort han kunne og hjelpte til med å få gamle Olav på land. Dei fekk han opp til Kåsi, der han fekk av seg dei klissvåte kleda og tina han opp ved omnen. Det gjekk bra det og. Sonen Karl var den siste som budde på Finsand.

Ein fin hage

Frå Kåsi ca 1918 - med folk og telemarkskyr. Frå Kåsi ca 1918 - med folk og telemarkskyr.

Etter Finsand går ein gjennom ein dal og opp ein bakke som heiter Busetbakken før ein kjem til Kåsi. Det er ein fin gard. Våningshuset som står der, vart bygd i 1870. Forpaktarbustaden vart bygd i 1896 og vart kalla «Nordpolen». Stabburet er bygd i 1795 og flytta til Kåsi frå Fjågesund søndre. Garden har hatt fleire eigarar og ein av dei planta frukttre og laga ein fin hage. Dei som eg hugsar budde der, var Olga og Sverre Øigarden. Dei kjøpte garden i 1950 av Gunhild og Johan Løken. Sverre og Olga hadde to barn, Tormod og Arnhild. Nå bur dotter til Arnhild og Johan, Anette, der. Ho er gift med Stein Rønningen frå Tørdal.

I nærleiken av Kåsi, ligg plassen Gantekosi. Eg trur tippoldeforeldra mine, Aslaug og Tor, budde der ei tid. Tor skreiv seg i alle fall Tor Olavson Gantekosi.

Kåsi ligg høgt og fritt, og ein lang bratt bakke fører oss ned att til vatnet. Den fyrste plassen me kjem til da, er Vik på høgre sida ned mot vatnet. Der vart dei gamle husa rivne og nye sett opp ein gong på 60- 70-talet. Men på «Gamle-Vik» budde det eit dansk kunstmålarpar som heitte From da eg voks oppe. Dei kjøpte seg etter kvart ein gamal buss som dei bruka da dei var ute og måla. Ei natt brann bussen opp, og dei mista mest alt dei hadde. Da stilte bygdefolket opp med klede og andre ting som dei trong.

Etterkvart feikk dei leige husa på «Gamle-Vik». Dei hadde ei dotter, Inger Birgitte, som gjekk på skulen og var eit par år eldre enn meg. Eg og nokre andre jenter vart ofte i gebursdagsselskap til henne. Det var spanande og litt skummelt. Far Paul gjekk ofte lettkledd rundt og røykte sigar, så det var heilt grått i stoga. Mor Tove gjekk smilande rundt og serverte kakao i store koppar med kremdott på toppen. Dette var «eksotisk» og spanande. (Ordet eksotisk hadde eg vel aldri høyrt på den tida!) Dei levde av å måle, og Paul var veldig flink, både til portrett og naturbilde. Tove måla og laga skulpturar. Ho var og flink til å lage mat. Ho hjelpte mor mi med middagen til bryllupet vårt i 1965. Etterkvar fekk dei tomt og bygde seg hus på eit jorde som høyrer til Gråsvoll. Der står skulpturane til Tove den dag i dag. Mange år før ”danskane” budde på Vik, budde og eigde Johan Vik staden. Han var skipper på båtane. Sonen til Johan, Bernt, og kona hans Gudrun bygde seg hus på andre sida av storvegen i 1938. Ein må opp ein lang bratt bakke for å koma dit. Der oppe er det fin utsikt over fjorden. Dei hadde to barn, Anne Johanne og Johan Knut. Anne Johanne som vart kalla Vesla, var heile 16 år eldre enn bror sin. Ho hadde flytta ut da eg voks opp, men Johan var kamerat av bror min og av meg og. Han var elektrikar i Kviteseid i mange år, men døydde i 2015. Familien til syster av Johan har huset oppe i bakken. Bror min Per Arne og eg var ofte på Vik, og det var allstøtt koseleg.

Skirennet på Øigardsjordet

Når vi var på «Øvre Vik», kunne me gå over Lindhommen og koma ned til Øigarden. Oppe på Lindhommen er det og tufter etter ein buplass. På det bratte jorde ned mot Øigarden var det skirenn i fleire år. Ikkje berre skirenn, men kostymerenn. Da kledde vaksne og ungar seg ut og løypte ned bakkane, på alle slags vis. Det som og var stor stas for oss ungane, var at det vanka både jolekake og kakao. Det kom folk frå Tørdal på desse renna. Det var mykje omgang mellom folk i Bergsto/Fjågesund og Tørdal i desse dagar. Det var den einaste bygda me hadde vegsamband med. Dette trur eg heldigvis held fram nå og, sjølv om me har fått veg til Kviteseid.

Øigarden. Skodespelaren Jon Øigarden har namnet sitt herifrå. Øigarden. Skodespelaren Jon Øigarden har namnet sitt herifrå.

Øigarden er ein stor, fin gard som ligg på venstre side av vegen. Den er og utskild frå Kåsi og ser ut til å vera bygd rundt 1900 av Tarald og Anne Kåsa. Våningshuset var det fyrste i bygda med full kjellar under. Da eg voks opp, dreiv Agnes og Olaf Stemme garden. Olaf var frå Østfold og var ein blid og snill mann. Eg trur at han såg bare på eitt auge, men det spela visst inga rolle. Ein haustdag i byrjinga på femtitalet skulle folket på Øigarden og Gråsvoll treske, og treskinga skulle foregå på Gråsvoll. Olaf Stemme stod nærast treskemaskina, og ved eit uhell kom handa hans inn i treskeverket og tok fire av fingrane. Da var , gode råd dyre! Men det var på den tida om morgonen da båten var på veg nedover frå Dalen, og båten hadde nyss vore innom brygga i Bergsto og sigla nå forbi Gråsvoll. Ein snarrådig mann sprang ned til vatnet og vinka og huga og skreik slik at båten snudde attende til brygga. Olaf fekk førstehjelp og dei la han på ei kjerre og fekk han på båten, slik at han kom seg til sjukehuset i Skien og fekk legehjelp. Men handa hans blei aldri heilt skikkeleg etter ulykka. Eg syntes at Olaf snakka så rart. Det var vel fyrste gongen eg høyrde Østfolddialekt. Dei hadde tre ungar, og da dei fekk minstejenta, «attpåklatten» Tordis Marie, var det den fyrste nyfødde ungen eg hadde sett. Det er forresten dotter til Tordis, Kjersti Kvålseth, som eig og driv garden i dag.

I tunet på Gråsvoll, truleg frå krigsåra 40-45. F.v. Anne Gråsvoll, Gjertrud Gråsvoll/Lauvlid, Nils Gråsvoll og med hesten Olav Gråsvoll. I tunet på Gråsvoll, truleg frå krigsåra 40-45. F.v. Anne Gråsvoll, Gjertrud Gråsvoll/Lauvlid, Nils Gråsvoll og med hesten Olav Gråsvoll.

Når me går nokre hundre meter etter vegen, som vert kalla «Flåhakkun» (eg har ikkje funne ut kvifor det heiter akkurat det), kjem me til garden Gråsvoll på venstre side av vegen. Dette er ein svært gamal gard og segni fortel at sylvsmeden Olav Grå slo seg til der i nokre år. Han var fredlaus og hadde ei smie på øvre side av Gråsvollberget. Da kunne han halde oppsyn med kven som kom på fjorden. På øvre side av der husa på Gråsvoll står i dag, finn ein tufter etter ein buplass, det var truleg der Grå budde.

Segna fortel at ein dag som Olav Grå var i smia si nede ved fjorden, fekk han nyss om at lensmannen var ute etter han. Han heldt da på med ei sylvkanne som han kasta på fjorden bortanfor Gråsvollberget. Dette berget vert kalla «Sylvkanneberget» etter dette.

Dei husa som stend på garden i dag, vart bygd i 1886 av Nils Olausen og kona Anne Kristiansen. Dei planta frukthage, som ikke var vanleg på den tida. Det eg hugsar, var at Olav Gråsvoll budde der. Han var ungkar.

Oddebukti. Flyfoto 1969. Oddebukti. Flyfoto 1969.

Like bortanfor Gråsvoll, med eit skogholt og ein bekk imellom, kjem me til Oddebukti, eller Oddebugten som det så fint heitte i gamle dagar. Husa der ligg på venstre side av vegen, og på høgre side ned mot fjorden ligg det vesle kvite Skulehuset, med vedskjol og utedo eit stykke bortanfor. Mellom desse husa låg leikeplassen. Men fyrst til Oddebukti! Der budde lærarene i mi tid. Dei eg hugsar best var Martinus Lyshol og familien. Dei kom frå Sykkylven og snakka rart. Han hadde planta ein tysbastbusk i hagen, som me beundra. Den var så fin og lukta godt! Men me vart fortald at den var gørrgiftig og me måtte ikkje taka på den. Ovanfor husa på Oddebukta er det og ein husplass. Dei bygde visst husa sine eit stykke opp frå vatnet i gamal tid! Da hadde dei oversyn over fjorden, for det var der trafikken var. Etter at Lyshol flytta, kom Gudrun og Kristoffer Torsdalen dit. Dei hadde tidlegare budd på andre sida av vatnet, på Lauvviki. Men det var tungvint å bu ein stad der ein måtte på vatnet, vinter og sommar. Eg var med yngste dotter deira, Bjørg, heim av og til, og ein gong hoppa me på isflaka i båtråka for å koma fram.

Dei var snille og greie folk, og så hadde dei grammofon! Den vart nok flittig bruka når Bjørg og eg var saman. Massevis (i mine augo) av plater med skillingsviser eller det me i dag kallar ”snørr- og tåreviser”. Me song og dansa og hadde det Veldig moro! I dei seinare år er det bygd eit moderne hus rett bortanfor Oddebukti. Det vert kalla «gjennomgangsbustad» og fleire familiar har budd der ei stund.

Vinterskulen i Bergsto

Bergsto skule 1933 —framme frå venstre: Anna Torsdalen (i stolen), Gerdis Haugen, Solveig Teigen, Alma Finsand, Gjertrud Gråsvoll, Herborg Nordheim/Strandkås og læraren Gunnar Herjusdalen. Bak: Olav Fiskarbekk, Erling Sandsodden, Nils Sandsodden, Olav Nordheim, Kåre Flom, Karl Finsand og Sigvald Finsand. Bergsto skule 1933 —framme frå venstre: Anna Torsdalen (i stolen), Gerdis Haugen, Solveig Teigen, Alma Finsand, Gjertrud Gråsvoll, Herborg Nordheim/Strandkås og læraren Gunnar Herjusdalen. Bak: Olav Fiskarbekk, Erling Sandsodden, Nils Sandsodden, Olav Nordheim, Kåre Flom, Karl Finsand og Sigvald Finsand.

På 1800-talet og i byrjinga på 1900-talet måtte ungane frå Bergsto til Fjågesund for å gå på skule. Det var ikkje skikkeleg veg, og ungane måtte vasse over bekkar og åir. Dei kom til skulen gjennomblaute. Eg vil vel tru at det vart fyra godt i omnen, slik at dei fekk turka det meste, men likevel! Så i 1904 søkte foreldra om å få skule i Bergsto i verste vintertida. Dei var var leie og sinna og fekk da innvilga nokre veker om vinteren, da i private heimar. I denne tida vart vegen mellom Fjågesund og Bergsto bygd. I 1910 vart Bergsto eigen skulekrins og fekk lærar. Da Fjågesund fekk ny skule, kjøpte Tarald Kåsi den gamle. Han frakta det gamle, dårlege huset på vatnet ut til Oddebukti og sette det opp nede ved vatnet. Det var i 1912. Men skulestyret ville ikkje kjøpe stoga. Var ho for dårleg i Fjågesund, så var ho det vel i Bergsto og! Men foreldra tok til å pusse opp huset. Da gav skulestyret seg og overtok skulen. Det var i 1916. Skulestoga vart bruka heilt fram til 1958. Da var det ikkje nok elevar.

I dag står den vesle kvite skulen på same staden. Der fekk me den fyrste boklege lærdomen vår. Faga me hadde, var norsk, landkunne, rekning, bibelsoge og song! Me song i byrjinga av dagen og på slutten. Eg trur me lærde mykje som ikkje vert lagt vekt på i dag. Me gjekk på skulen tysdag, torsdag og laurdag i småskulen og dei andre dagane i storskulen. (Eller kanskje det var omvendt?)

Bergsto skule, truleg 1954. F.v.: Reidun Øigarden, artikkelforfattaren, Bjørg Torsdalen, Sigmund Stemme, Kjerstine Vollum/Gundersen, Anne Øigarden og Johan Grossvoll. Bergsto skule, truleg 1954. F.v.: Reidun Øigarden, artikkelforfattaren, Bjørg Torsdalen, Sigmund Stemme, Kjerstine Vollum/Gundersen, Anne Øigarden og Johan Grossvoll.

Da eg tok til i fjerde klasse, fekk me ny lærar. Ho heitte Kjerstine Vollum og var frå Trøndelag. Ho blei seinare gift med Isak Gundersen. Dei budde i Fjågesund, og ho gjekk eller sparka til Bergsto kvar dag. I tidlegare tider budde alltid lærarane på Oddebukti. Ho var sprek, tøff og grei, men ho var ikkje så flink til å syngje, så det måtte me ungar taka oss av. På slutten av femtiåra vart det så få elevar at skulen vart lagt ned. Da Anne Øigarden og eg gjekk ut av sjuande klasse i 1958, var det slutt på skulen i Bergsto. Det hadde da vore skule i bygda i mange år. Mor mi og onkelen min hadde og gjenge der og mange før dei. Bestemor mi, Marie, hadde skulevasken der ein del år.

Opp ein liten bakke frå skulen, men på same side av vegen, ligg Midtbøen. Eigedommen vart òg utskild frå Vestigard Fjågesund og ligg fint til med utsikt over Flåvatn. Men vegen går mellom våningshuset og uthuset, så det var nok ei ulempe, i alle fall etter at det vart meir biltrafikk. I rektig gamle dagar budde Mikkel og Margrete der, men sonen Thomas overtok. Han var gift med Borghild som var frå Sandefjordtraktene. Dei var veldig blide og snille, og i hagen voks det tre med moreller og kirsebær. Og så hadde dei lysthus av syrin der, koseleg med benk og bord. I vaksen alder har eg plukka mykje kirsebær på «Mibben».

I kortspel-lære

Berre eit lite stykke frå Midtbøen, litt nede i bakken, ligg Torpen. Sjølve plassen vart rydda ikring 1875, og stoga vart bygd av Tov Aase. Han eigde det fram til Nils og Signe kjøpte det i 1925. Torpen vart bruka som skulestoge før skulen i Bergsto vart sett opp. Det har vore mykje usemje om eigedomen i seinare år. Då eg voks opp, budde Signe og Nils der. Dei hadde fleire barn som hadde flytt ut, men den yngste, Mari, var berre fire år eldre enn meg. På Torpen samla me oss for å spele kort. Der lærte eg mange slags kortspel, noko eg ikkje fekk lov til heime. Signe og me på Nordheim var ein del saman. Ho kom gjerne ein tur bort til oss i kveldinga. Bestemor og Signe var usamde om mangt og mykje. Eg hugsar godt ein gong dei var ueinge om det var koseleg å vakne opp til fuglesong eller ikkje. Den eine meinte det var koseleg og den andre ikkje. Etter att Signe vart gamal og flytte til ein av ungane sine i Skien, ein gong på syttitalet, har eigedomen stade og forfalle.

Eit lite stykke frå Torpen, litt lengre vest, ligg Haugen. Plassen ligg på venstre side av storvegen. Mellom ”Mibben” som me kalla det og Haugen, ligg Torpebakken. Det er vel den einaste bakken i grenda, bortsett frå Køsabakken, som me syntes var litt tung å sykle. Eg kjem godt i hug når Per Arne og Johan var ute og sykla på éin sykkel. Da sat Per Arne som var litt lat, bakpå og Johan som var litt svak for skryt, sykla alt han orka.

Da eg voks opp, budde det tre ugifte sysken på Haugen: Olaug, Anlaug og Bjarne. Den gamle far deira, Jacob, hugsar eg og. Han sat i ein gyngestol ved glaset og hadde full kontroll over fjorden og vegen. Både Olaug og Anlaug hadde nok vore ut og tent, medan Bjarne hadde teke seg av bruket. Dei hadde ei syster til, Borghild, og ho var den einaste som hadde vore gift og hadde ei dotter som me kalla ”Munni”. Borghild var jordmor, og eg gløymer aldri den ettermiddagen da eg hadde rodd til bui i Fjågesund for å handle. Da eg kom heim, møtte eg Borghild i gangen, og pappa sat ved kjøkkenbordet og grein. Da hadde mamma, som var gravid i åttande månad, fødd ei lita dødfødt jente. Ho vart gravlagt i same kiste som ein annan død person i bygda. Det var det som var vanleg, til og med i femtiåra. For meg nå, er det framleis vondt å tenkje på! Fire år etter, da veslebror vår, Kjell Audun, vart fødd på «fødeheimen» i Bø, var Borghild jordmor der. Men attende til Haugen. Da Jacob Bjørgulvson Slåtta frå Kilen, gift med Gunhild Grosvoll, kjøpte eigedomen, flytta dei husa noko lengre ned mot vatnet. Ein kan sjå hustufter lengre oppe i lia. Det var sjølvsagt lettare på alle måtar å bu nærare fjorden. For lenge sidan var Haugen ein plass under Fjågesund, som så mange andre plassar i Bergsto. Det har blitt meg fortalt at i rektig gamle dagar tilhøyrde alle plassane vest for Oddebukti Fjågesund gard og dei austafor høyrde til Kåsi. For nokre år sidan vart det forresten bygd eit nytt hus på Haugen, eigd av folk frå Tyskland.

Kjetil skomakar

Bare eit lite steinkast frå Haugen ligg Viflot. Det vart utskild frå Haugen i 1904. På denne plassen vart og husa bygd lengre oppe i lia, men flytt ned mot vatnet. Kjetil som kjøpte Viflot, skreiv seg da Jutulbrua som er ein gamal plass på andre sida av fjorden. Han var ein flink skomakar og murar og hadde sansen for gamle ting. Han og kona Helene fekk fleire barn. Eit av barnebarna deira er Kjetil Torsdalen i Brunkeberg.

Ovafor og litt lengre vest for Viflot ligg Teigen. Oppe i lia bak husa skal det i gamal tid ha vore ein skytebane. Eigedomen vart utskild frå Haugan. Jørgen, som var gift med Marie Hassel, kjøpte plassen ikring 1911. Da eg voks opp, budd Jørgen og Marie der. Dei hadde fleire barn som hadde flytta ut, men eit av barnebarna, Aud, voks opp der. Ho var nokre år eldre enn meg. Eit anna av barnebarna deira, Odd, eller Oddemann som han vart kalla, kom og på besøk, helst om sommaren, på båten. Han har i vaksen alder drive Sunde Transport på Akkerhaugen. Marie Teigen var fødd i Amerika, og me syntes at ho var ei fin dame. Ho var sydame, men dreiv og ein liten butikk nede ved brygga i Bergsto. Men det var før mi tid. Dette knøttvesle huset vart flytta til Storvik, oppe ved tunnelen i Fjågesund. Ein gong på femtitalet tok det til å brenne på Teigen, og heile huset brann ned. Den stoga som brann, var flytt over fjorden frå Lauvviki. Me synes det var skummelt å sjå branntomta med den fæle pipa som sto att. Huset vart bygd opp att og er i dag ein nyoppussa ferieplass.

Nede i bakken, nærare brygga, ligg Hovland. Tomta vart utskild frå Bergsto i 1910. Den vart kjøpt og selt fleire gonger, før Alf Berge kjøpte eigedommen i 1939. Han var gift med Mari Nås frå Drangedal og dreiv m.a. som vegvaktar. Det er blitt meg fortalt at han måtte «steppe inn» som fadder for meg, da eg skulle døypast 10. september 1944. Far min, som da var ein ung og sprek gut på 21 år, hoppa ut gjennom glaset i stoga heime på Nordheim da tyskarane var på jakt etter unge gutar til Arbeidstenesta. Han og fleire andre heldt seg gøymd i skogen i lengre tid. Mari, kona til Alf, var ei blid og koseleg dame. Eit år som eg var ute og selde maiblomar, spanderte ho Delfiakake på meg. Det var på den tid da denne kaka var svært populær. Det var mykje sjokolade og lite kjeks, og da eg hadde ete eit par stykke og ho kom med meir, var eg så kvalm at eg måtte springe heim att.

Marie postopnar

Like nedafor Hovland, litt nærare brygga, ligg Folkestad. Den plassen vart og utskilt frå Bergsto i 1910, og vart og kjøpt og selt fleire gonger, før Knut Flom kjøpte eigedomen, sette opp hus og dyrka jorda. Det var rundt 1925. Etter Knut overtok dei tre døtrene Marie, Tomine og Astrid eigedomen. Marie var postopnar i bygda. Da båten kom om ettermiddagen, møtte Marie opp med postsekken sin. Ho gjekk om bord, vart vekk ei stund og kom ut att med sekken full av post. Oppe på «postkontoret» lukta det lakk som vart bruka til å forsegle brev med. I vaksen alder var eg mykje på Folkestad og plukka både eple og pærer. Så gode Åkerrø-eple får ein ikkje i dag. Marie og Tomine budde på Folkestad, mens systera Astrid flytta tilbake frå Skien da ho vart pensjonist.

Bergsto brygge, flyfoto 1969. Bergsto brygge, flyfoto 1969.

Den brygga som ligg i Bergsto i dag, vart nok bygd tidleg på 1900-talet. Pakkbua vart sett opp i 1912/13. Den vart bruka som kol-lager for båtane i nokre år. Båttrafikken var bindeleddet med omverda for oss. Eg hugsar godt at me fekk grisunge i ei kasse på båten om våren. Hanvar liten og snål og var inne på kjøkkenet dei fyrste dagane. Når hausten kom, vart han slakta og stelt til middagsmat! Den dagen forsvann eg! Av og til kom det kyllingar i ein pappask og. Dei vart til fine kvite høner som gjekk i hønsegarden og gav oss gode egg. Brygga vart ombygd litt i 1934/36. I dei siste åra er ho blitt «totalrenovert» av nokre dyktige, unge menn frå Bergsto og Fjågesund. Men før denne brygga kom, var det to brygger i Bergsto. Ei ved Grosvollberget og ei mellom Folkestad og Nordheim. Da slusene var ferdige og dei store båtane kom, som gjekk djupare i vatnet, vart vasstanden auka, og dei gamle bryggene vart liggjande under vatn. Slepebåten Aksel var eit vanleg syn på fjorden i min barndom. Han fór sakte og drog ein masse tømmer etter seg. Det var nok ein meir miljøvennleg måte å frakte tømmeret på, men det tok vel etter kvart for lang tid. Tømmerbilane overtok.

Bergsto-namnet

17. mai i Bergsto, året er 1953. Framme fv.: Sigmund Stemme, Reidun Øigarden, Tarald Øigarden, Harald Lyshol, Astrid Lyshol, Jostein Lyshol og i vogna Tordis Stemme. I midten: Bjørg Torsdalen, Aslaug Strandkås, Anne Øigarden. Bak f.v.: Martinus Lyshol, Aud Teigen, Åsta Lyshol, Anna Lisa Stemme, Mari Midtbøen, Torleif Midtbøen, Solveig Teigen. Birger Berge, Gunvor Øigarden. 17. mai i Bergsto, året er 1953. Framme fv.: Sigmund Stemme, Reidun Øigarden, Tarald Øigarden, Harald Lyshol, Astrid Lyshol, Jostein Lyshol og i vogna Tordis Stemme. I midten: Bjørg Torsdalen, Aslaug Strandkås, Anne Øigarden. Bak f.v.: Martinus Lyshol, Aud Teigen, Åsta Lyshol, Anna Lisa Stemme, Mari Midtbøen, Torleif Midtbøen, Solveig Teigen. Birger Berge, Gunvor Øigarden.

Navnet Bergsto, som den neste garden heiter og som grenda har namnet sitt etter, kjem av båtstøa til Bergegardane. I gamal tid var også Bergsto eigd av Midtigard Fjågesund. Da var det husmenn som budde der. I litt nyare tid var plassen eigd av Knut og Birgit Saubakk. Dei dela frå nokre plassar rundt 1910. Men det eg hugsar, er at Dordi og Thomas Flom budde der. Dei hadde to barn, Kåre og Aslaug Adeleide. Aslaug bur framleis i Fjågesund, mens Kåre, som budde i Ulefoss, døydde i 2015. Han var levande interessera i gamle dagar og visste det meste. Eg var ein del opp til dei på ”Berstø”. Både Dordi og Thomas var snille, og eg syntes det var moro å vera med dei. Og så hadde dei telefon og ei veldig fin måneskinslampe. Ein haust, då eg var med Dordi og skar jordeplegras, hogg eg meg i peikefingeren med sigden. Det blødde fælt, og eg har arr den dag i dag. Bror min og eg laga oss eit skihopp bak uthuset på Berstø. Ein av gongene som eg hoppa der, stakk eg stubb og braut av det eine skiet.

Nordheim, der eg voks opp, vart og utskild rundt 1910. Det ligg rett ned for Bergsto, på nedsida av storvegen, ned mot vatnet. Bestefar min, Andreas, kjøpte plassen og sette opp hus der i 1913. Frå før hadde det og vore hus der, men da heitte det Straand. Bestefar Andreas og bestmor Marie, som var frå Haugåsmo i Vinje, fekk to born. Olav Thomas og Herborg Margrethe. Dei var om lag jamgamle med Kåre og Aslaug på nabogarden Bergsto. Dei leika mykje i saman. Aslaug og mor mi, var gode veninner heile livet. Men eg trur nok ikkje at bestemor Marie og nabokona Dordi var like gode vener. Bestemor var arbeiderpartimenneske på sin hals, og Dordi var bondepartidame. Det kom nok til nokre usemjer, spesielt 1. mai, da me arbeidsfolk tok det med ro og Dordi og Thomas var ute med hest og kjerre og plukka stein. Det var vel rettare sagt kasta stein, for det bråka heilt forferdeleg! Det ergra bestemor mi. Men ho var ikkje sein om å seie i frå heller. Far min Nils, korn gåande over heia frå Tørdal ein vårdag i 1942. Han skulle tene på Vestgarden den sommaren. Men så gjekk det slik til at han trefte mor mi, og det vart ekteskap og ungar. Me budde saman med bestemor og bestefar i det vesle huset. Men etter tre år vart det bygd på, så det vart betre plass. Bestefar Andreas sleit med ein sjukdom som dei ikkje kjende til på den tid. Men nokre år etter at han var død, kom det brev frå Rikshospitalet at han truleg kunne få hjelp. Det var nok MS han hadde. Men han streva så godt han kunne. Kåre Flom sa at han hugsa bestefar som låg på kne og kløyvde ved. Bestemor Marie var eit arbeidsjern. Ho vaska, brodera, baka og tok det arbeidet ho kunne få. Familien måtte ha noko å leva av.

I Sagabukti

Dersom me held oss langs vatnet, kjem me til Sagabukti. Der budde det og folk, men ikkje i mi tid. Eg kan ikkje hugse hus der heller, men i dei seinare åra sette Olav Fjågesund opp hytte der. Han budde i Seljord. Etter å ha kome oss over Staulsåi og forbi nokre fjellskrentar, kjem me til Briskelid. Der budde det og folk i gamle dagar. Eg har lese at Børte og Hans Straand budde både på Briskelid og Straand. (Seinare Nordheim). Det er sikkert gamle husmannsplassar mellom Briskelid og Rullbakk og, men det veit eg ikkje. (Det heiter Rullbakk der vegen går over til Tørdal.) Men i Briskelid spøkte det! Det har eg alltid høyrt, så det stemmer sikkert! Eg sprang eller song høgt når eg ein sjeldan gong gjekk heim att frå Fjågesund i mørkret. Da vart nok skrømta redde, tenkjer eg!

Dersom me tek turen tilbake og held oss litt oppe i lia, kjem me til Staulen. Det er ein plass mellom storvegen og Heilina, som me kallar vegen over til Tørdal. Staulen var og er eigd av Fjågesund gard. På Staulen budde Anne og Anders Aanesen. Dei var besteforeldra til Bjørg Torsdalen, som eg var ein del i lag med. Ho og familien budde da på Oddebukti. På Staulen var det moro å vera, og me sprang opp og ned stien som gjekk frå vegen ved Staulsbrua . Dei hadde lysthus av syrin der oppe, og med benkar inni. Eg gløymer aldri den gongen da Anders rulla røyk til oss. Karva blad i avispapir! Det smaka heilt forferdeleg, så det var ikkje stort eg fekk i meg, men eg trur det gjekk verre med Per Arne. Han vart gørrsjuk! I dag er det bilveg til Staulen. Den går frå Briskelid.

Me spring ned att til Staulsbrua og tek vegen attende til Nordheim. Rett på andre sida av storvegen gjekk ein gangveg til Kleiv. Også denne plassen er eigd av Fjågesund. Eg hugsar at det budde to eldre ugifte jenter der. Liv og Maria. Der var eg og på besøk. Beinvegen opp til Bergland og Bergegardane gjekk gjennom tunet deira. Dei var nok litt nøye på det, men når eg skulle fylgje ungane på Holt eit stykke på heimveg etter skulen, fekk me av dei gørrgode epla deira. Dei smaka banan, og eg har aldri høyrt gjete dei andre stader. Kanskje treet står der ennå?

Den fyrste plassen me kjem til er Bergland. Der budde det og to einslege systrer, Anne og Ingebjørg. Dei flytte etterkvart til Hasvik i Fjågesund.

Hasvik er den gamle butikken i bygda og ligg mellom brygga og den nyare bui. I dag er det Birger Berge som eig Bergland. Me går vidare oppetter lia og kjem til Underberge. Eg trur ikkje at det budde folk der då eg voks opp, men tidlegare var det og ein plass under Berge. Den noverande eigaren, Karin Maria Larsen, har saman med mannen sin, Hjörtur Pålson, pussa opp og bygd nye uthus, så det er ein verkeleg fin og triveleg stad.

Berge, som er neste stopp, er ein gamal gard frå 1600—talet. Stabburet er frå 1789 og stoga frå 1872. Under Berge låg både Kasin, Slåttekåsi, Underberge og Øvreberg. Dei som eigde og budde på garden da eg voks opp, var Olav og Ingebjørg. Han hadde ein son frå før, men Ingebjørg og Olav hadde ikkje barn. Dei var adoptivforeldre til Birger som var nokre år eldre enn meg. Eg hugsar godt at han narra meg til å stikke nasen ned i ein dunk med salmiakk. Eg heldt på å miste pusten mens han og nokre større gutar ledde og kosa seg! Garden har stått tom i mange år nå og er veldig forfallen. Det er trist. Når ein er på Berge, er dei brattaste bakkane unnagjorde og landskapet flatar seg meir ut. Bortover mot Heilina og vegen over til Tørdal, som forresten var ferdig i 1913, ligg Sud-Berge. Dette bruket vart utskild frå Berge i ca 1880 til Aall-Ulefoss. I 1897 vart garden selt til Meinstad Sagbrug i Gjerpen, men i 1913 kjøpte Tarald Kaasa garden. Seinare overtok sonen Sverre som var gift med Olga frå Tørdal. Dei kjøpte Kåsi i 1950 og flytta dit. Det er etterkomerane deira som eig garden nå.

Litt lenger mot toppen av Fjågesundheia ligg Holt som er utskild frå Sud Berge i 1931. Her budde Olav og Gunhild, eller Gulla, som ho vart kalla. Dei fekk etterkvart seks barn og nokre av dei var på same alder som Per Arne og meg. Det var Gunvor, Anne og Reidun. Dei hadde og ein større bror som heitte Tarald og ein mindre bror som heiter Hans' Ove. Minste systera deira, Gunhild, var ein del år yngre. Dei fire eldste gjekk på skulen i Bergsto og sprang eller gjekk ned og opp desse bratte bakkane i sommarhalvåret. Om vinteren gjekk eller løypte dei ned Heilina og ned Stallslepa som me kalla det. Og same vegen heimatt. Det var ein lang og bratt skuleveg, men ingen tenkte over det. Stallslepa kjem ned på andre sida av vegen for Sagabukti. Eg var ein del på Holt og, for der var det mange å leike med. Me var til kvarandre i bursdagar og av og til elles og. Eg hugsar godt at somme år kom dei tre jentungane, springande ned Bergebakkane på min gebursdag som er 10. april. Da var det tidleg vår! Nordheim og resten av bygda ligg på skuggesida. Men når sola kom attende, var alle glade.

Nå håpar eg å ha fengje med noko om dei fleste gardane og småbruka i denne fine Bergsto-bygda. Kanskje det vesle bidraget mitt kan gjera til at ho ikkje går i gløymeboka!

Til slutt vil eg takke alle som har hjelpt meg med opplysningar om grenda og alle som har lånt meg bilde!