Stortjuven Halvor GunnesonHalvor Gunneson var fødd på ein plass i Fjågesund i 1796. Det vart sagt at han i sin ungdom var ein likandes kar i bygda, og populær blant jentene. Han fekk lite skulegang, men det blei sagt at han hadde eit godt hovud. Det ryktast at han alt i tidleg alder dreiv med noko smånasking, men aldri noko så verdifullt at folk gjorde noko med det. I ein alder av 20 år vart han trulova med ei jente i Fjågesund, men måtte bryte trulovinga då foreldra hennar nekta å godkjenne giftarmålet. Dette gjekk sterkt inn på guten, og han reiste frå bygda. Det neste ein høyrer om han, er i "bolt og jern" på Akershus festning, der han fekk dom for tjuveri. Livet bak murane passa han heller dårleg, så snart såg han sitt snitt til å koma seg vekk. Etter å ha kvitta seg med boltar og jern, ![]() ![]() Halvor fortsette etter dette si karriere som tjuv, med fleire turar inn og ut av fengsel. Det var ikkje før han som gamal mann, trøytt og utkøyrd, søkte sjølv om å få sone straffa si, at han heldt seg lengje nok innafor murane til å søkje og få kongens benådning. Han kom att til bygda i 1860-åra og enda sitt liv som ein fattig mann. Historia seier at han gøymde vekk tjuvgods i bygda som han ikkje greidde å finne att, så kanskje kan ein vera heldig viss ein leitar.. |