Bergsto -
bygda som ikkje må bli gløymd!
Av Aslaug Marie Tormodsvik (2016)
Der Flogåi kastar seg nedetter liane og ned i Flåvatn, går
kommunegrensa mellom Nome og Kviteseid. Den fyrste grenda
me kjem til i Kviteseid, på sørsida av vatnet, heiter Bergsto. I
denne bygda voks eg opp, og eg har lyst til å skrive litt om gardane
og plassane og folket her.
Artikkelforfattaren på gamle tomter - ved skulen der ho gjekk alle sju åra.
Den fyrste plassen etter grensa heiter Flatin. Der sto det ei lita stoge
som var flytt frå Vestgarden i Fjågesund. Truleg er huset «fløta» på
fjorden og sett opp der. Det var slik dei flytte hus der ute i gamle dagar.
På Flatin budde det ein einsleg mann frå Kviteseid som heitte
Kvennes. Han såg visst litt skummel ut, og Aslaug Lauvstad har fortalt
at når ho og mor mi var på besøk på Groa, fekk dei beskjed om ikkje
å gå dit.
Neste plass me kjem til er Groa. Det er visstnok ein plass frå syttenhundretalet.
Det står hus der nå og, men dei er av nyare dato. Nå kan
ein køyre dit med bil, på eit vis! Mine oldeforeldre, Margrethe og
Olav, budde der på attenhundretalet. Ein av sønene deira, Hans,
beheldt Groa-namnet da han flytte til Lunde. Min bestefar, Andreas,
tok Nordheim til etternamn da han kjøpte Strånd og kalla staden for
Nordheim. Det ligg lenger vest i bygda. Foreldra hans flytte med han
til Nordheim.
Seinare budde Gunhild og Mikkel der. Dei fekk ein son som døydde
som liten og vart gravlagt på kyrkjegarden i Fjågesund. Mikkel
hadde dårleg helse, medan Gunhild eller ”Nilla” som ho vart kalla, var
sterk og måtte syte for det daglege brød. Ho tok seg blant anna av
gamle og skrale, og der hadde dei det godt. Oldemor mi, Margrethe,
som var fødd på Grotnes, kom attende til Groa som gamal enke og
døydde der i 1936. Nilla, som kom frå Flåbygd, rodde ofte til bui i
Fjågesund for å kjøpe det mest nødvendige for det vesle ho hadde. Ein
kunne høyre når ho kom, for ho rodde på ein spesiell måte.
Etter Groa låg Bjønneholet, ein liten plass nede ved vatnet. Staden
er attgrodd nå, og eg har ikkje funne ut kven som budde der. Gjeng me
vidare vest— og oppover, kjem me til Åse. I min barndom budde
Johanne og Sveinung Kåsa der. Dei hadde fleire barn, men dei fleste
hadde flytt ut da. Dei eg hugsar var Mathias, Torstein og Solveig.
Solveig er eit par år eldre enn meg, men me gjekk på skulen saman, og
av og til om laurdagane vart eg med henne heim. Det er bratt opp til
Åse. Når vatnet var lite, kunne me gange på steinane langs ein fjellvegg,
eller me tok ein veg lengre oppe i lia. Det var alltid moro å koma
til Åse. Kåsa-familien flytta til Lunde på slutten av femtitalet, og sidan
har ingen budd der fast. Staden er nå eigd av yngstedottera Solveig
Hermansen i Lunde. Nå er det bilveg dit!
Nede ved fjorden, litt lengre vest, kjem vi til Finsand. Denne staden
vart utskild frå Kåsa i 1921, og Kjetil S. Finsand og kona Guro bygde
hus der. I mi tid budde Magnhild og Olav Finsand der. Magnhild var
flink til å veva ryer, og dei fyrste ryene mine var det ho som vov.
Magnhild og Olav hadde gode vener på andre sida av vatnet. Det var
ein del ”selskapeleghet” mellom desse venepara, og eg høyrde dei
vaksne sa at det var rart det gjekk bra med desse roturane over vatnet.
Olav Finsand var temmeleg gamal da han gjekk gjennom isen utanfor
Vik. Der vart han liggande lenge før nokon høyrde ropa hans og fekk
han opp. Kristoffer Haugan køyrde skulebuss og post på den tida. Han
køyrde så fort han kunne og hjelpte til med å få gamle Olav på land.
Dei fekk han opp til Kåsi, der han fekk av seg dei klissvåte kleda og
tina han opp ved omnen. Det gjekk bra det og. Sonen Karl var den
siste som budde på Finsand.
Ein fin hage
Frå Kåsi ca 1918 - med folk og telemarkskyr.
Etter Finsand går ein gjennom ein dal og opp ein bakke som heiter
Busetbakken før ein kjem til Kåsi. Det er ein fin gard. Våningshuset
som står der, vart bygd i 1870. Forpaktarbustaden vart bygd i 1896 og
vart kalla «Nordpolen». Stabburet er bygd i 1795 og flytta til Kåsi frå
Fjågesund søndre. Garden har hatt fleire eigarar og ein av dei planta
frukttre og laga ein fin hage. Dei som eg hugsar budde der, var Olga
og Sverre Øigarden. Dei kjøpte garden i 1950 av Gunhild og Johan
Løken. Sverre og Olga hadde to barn, Tormod og Arnhild. Nå bur dotter
til Arnhild og Johan, Anette, der. Ho er gift med Stein Rønningen
frå Tørdal.
I nærleiken av Kåsi, ligg plassen Gantekosi. Eg trur tippoldeforeldra
mine, Aslaug og Tor, budde der ei tid. Tor skreiv seg i alle fall Tor
Olavson Gantekosi.
Kåsi ligg høgt og fritt, og ein lang bratt bakke fører oss ned att til
vatnet. Den fyrste plassen me kjem til da, er Vik på høgre sida ned mot
vatnet. Der vart dei gamle husa rivne og nye sett opp ein gong på 60-
70-talet. Men på «Gamle-Vik» budde det eit dansk kunstmålarpar som
heitte From da eg voks oppe. Dei kjøpte seg etter kvart ein gamal buss
som dei bruka da dei var ute og måla. Ei natt brann bussen opp, og dei
mista mest alt dei hadde. Da stilte bygdefolket opp med klede og andre
ting som dei trong.
Etterkvart feikk dei leige husa på «Gamle-Vik». Dei hadde ei dotter,
Inger Birgitte, som gjekk på skulen og var eit par år eldre enn meg. Eg
og nokre andre jenter vart ofte i gebursdagsselskap til henne. Det var
spanande og litt skummelt. Far Paul gjekk ofte lettkledd rundt og røykte
sigar, så det var heilt grått i stoga. Mor Tove gjekk smilande rundt
og serverte kakao i store koppar med kremdott på toppen. Dette var
«eksotisk» og spanande. (Ordet eksotisk hadde eg vel aldri høyrt på
den tida!) Dei levde av å måle, og Paul var veldig flink, både til portrett
og naturbilde. Tove måla og laga skulpturar. Ho var og flink til å
lage mat. Ho hjelpte mor mi med middagen til bryllupet vårt i 1965.
Etterkvar fekk dei tomt og bygde seg hus på eit jorde som høyrer til
Gråsvoll. Der står skulpturane til Tove den dag i dag.
Mange år før ”danskane” budde på Vik, budde og eigde Johan Vik staden.
Han var skipper på båtane. Sonen til Johan, Bernt, og kona hans
Gudrun bygde seg hus på andre sida av storvegen i 1938. Ein må opp
ein lang bratt bakke for å koma dit. Der oppe er det fin utsikt over fjorden.
Dei hadde to barn, Anne Johanne og Johan Knut. Anne Johanne
som vart kalla Vesla, var heile 16 år eldre enn bror sin. Ho hadde flytta
ut da eg voks opp, men Johan var kamerat av bror min og av meg
og. Han var elektrikar i Kviteseid i mange år, men døydde i 2015.
Familien til syster av Johan har huset oppe i bakken. Bror min Per
Arne og eg var ofte på Vik, og det var allstøtt koseleg.
Skirennet på Øigardsjordet
Når vi var på «Øvre Vik», kunne me gå over Lindhommen og koma
ned til Øigarden. Oppe på Lindhommen er det og tufter etter ein
buplass. På det bratte jorde ned mot Øigarden var det skirenn i fleire
år. Ikkje berre skirenn, men kostymerenn. Da kledde vaksne og ungar
seg ut og løypte ned bakkane, på alle slags vis. Det som og var stor stas
for oss ungane, var at det vanka både jolekake og kakao. Det kom folk
frå Tørdal på desse renna. Det var mykje omgang mellom folk i
Bergsto/Fjågesund og Tørdal i desse dagar. Det var den einaste bygda
me hadde vegsamband med. Dette trur eg heldigvis held fram nå og,
sjølv om me har fått veg til Kviteseid.
Øigarden. Skodespelaren Jon Øigarden har namnet sitt herifrå.
Øigarden er ein stor, fin gard som ligg på venstre side av vegen. Den
er og utskild frå Kåsi og ser ut til å vera bygd rundt 1900 av Tarald og
Anne Kåsa. Våningshuset var det fyrste i bygda med full kjellar under.
Da eg voks opp, dreiv Agnes og Olaf Stemme garden. Olaf var frå
Østfold og var ein blid og snill mann. Eg trur at han såg bare på eitt
auge, men det spela visst inga rolle. Ein haustdag i byrjinga på femtitalet
skulle folket på Øigarden og Gråsvoll treske, og treskinga skulle
foregå på Gråsvoll. Olaf Stemme stod nærast treskemaskina, og ved eit
uhell kom handa hans inn i treskeverket og tok fire av fingrane. Da var ,
gode råd dyre! Men det var på den tida om morgonen da båten var på
veg nedover frå Dalen, og båten hadde nyss vore innom brygga i
Bergsto og sigla nå forbi Gråsvoll. Ein snarrådig mann sprang ned til
vatnet og vinka og huga og skreik slik at båten snudde attende til brygga.
Olaf fekk førstehjelp og dei la han på ei kjerre og fekk han på
båten, slik at han kom seg til sjukehuset i Skien og fekk legehjelp. Men
handa hans blei aldri heilt skikkeleg etter ulykka. Eg syntes at Olaf
snakka så rart. Det var vel fyrste gongen eg høyrde Østfolddialekt. Dei
hadde tre ungar, og da dei fekk minstejenta, «attpåklatten» Tordis
Marie, var det den fyrste nyfødde ungen eg hadde sett. Det er forresten
dotter til Tordis, Kjersti Kvålseth, som eig og driv garden i dag.
I tunet på Gråsvoll, truleg frå krigsåra 40-45. F.v. Anne Gråsvoll, Gjertrud Gråsvoll/Lauvlid, Nils Gråsvoll og med hesten Olav Gråsvoll.
Når me går nokre hundre meter etter vegen, som vert kalla
«Flåhakkun» (eg har ikkje funne ut kvifor det heiter akkurat det), kjem
me til garden Gråsvoll på venstre side av vegen. Dette er ein svært
gamal gard og segni fortel at sylvsmeden Olav Grå slo seg til der i
nokre år. Han var fredlaus og hadde ei smie på øvre side av
Gråsvollberget. Da kunne han halde oppsyn med kven som kom på
fjorden. På øvre side av der husa på Gråsvoll står i dag, finn ein tufter
etter ein buplass, det var truleg der Grå budde.
Segna fortel at ein dag som Olav Grå var i smia si nede ved fjorden,
fekk han nyss om at lensmannen var ute etter han. Han heldt da på med
ei sylvkanne som han kasta på fjorden bortanfor Gråsvollberget. Dette
berget vert kalla «Sylvkanneberget» etter dette.
Dei husa som stend på garden i dag, vart bygd i 1886 av Nils
Olausen og kona Anne Kristiansen. Dei planta frukthage, som ikke var
vanleg på den tida. Det eg hugsar, var at Olav Gråsvoll budde der. Han
var ungkar.
Oddebukti. Flyfoto 1969.
Like bortanfor Gråsvoll, med eit skogholt og ein bekk imellom,
kjem me til Oddebukti, eller Oddebugten som det så fint heitte i gamle
dagar. Husa der ligg på venstre side av vegen, og på høgre side ned mot
fjorden ligg det vesle kvite Skulehuset, med vedskjol og utedo eit stykke
bortanfor. Mellom desse husa låg leikeplassen. Men fyrst til
Oddebukti! Der budde lærarene i mi tid. Dei eg hugsar best var
Martinus Lyshol og familien. Dei kom frå Sykkylven og snakka rart.
Han hadde planta ein tysbastbusk i hagen, som me beundra. Den var så
fin og lukta godt! Men me vart fortald at den var gørrgiftig og me
måtte ikkje taka på den. Ovanfor husa på Oddebukta er det og ein husplass.
Dei bygde visst husa sine eit stykke opp frå vatnet i gamal tid!
Da hadde dei oversyn over fjorden, for det var der trafikken var.
Etter at Lyshol flytta, kom Gudrun og Kristoffer Torsdalen dit. Dei
hadde tidlegare budd på andre sida av vatnet, på Lauvviki. Men det var
tungvint å bu ein stad der ein måtte på vatnet, vinter og sommar. Eg var
med yngste dotter deira, Bjørg, heim av og til, og ein gong hoppa me
på isflaka i båtråka for å koma fram.
Dei var snille og greie folk, og så hadde dei grammofon! Den vart
nok flittig bruka når Bjørg og eg var saman. Massevis (i mine augo) av
plater med skillingsviser eller det me i dag kallar ”snørr- og tåreviser”.
Me song og dansa og hadde det Veldig moro! I dei seinare år er det
bygd eit moderne hus rett bortanfor Oddebukti. Det vert kalla «gjennomgangsbustad»
og fleire familiar har budd der ei stund.
Vinterskulen i Bergsto
Bergsto skule 1933 —framme frå venstre: Anna Torsdalen (i stolen),
Gerdis Haugen, Solveig Teigen, Alma Finsand, Gjertrud Gråsvoll,
Herborg Nordheim/Strandkås og læraren Gunnar Herjusdalen. Bak:
Olav Fiskarbekk, Erling Sandsodden, Nils Sandsodden, Olav
Nordheim, Kåre Flom, Karl Finsand og Sigvald Finsand.
På 1800-talet og i byrjinga på 1900-talet måtte ungane frå Bergsto til
Fjågesund for å gå på skule. Det var ikkje skikkeleg veg, og ungane
måtte vasse over bekkar og åir. Dei kom til skulen gjennomblaute. Eg
vil vel tru at det vart fyra godt i omnen, slik at dei fekk turka det meste,
men likevel! Så i 1904 søkte foreldra om å få skule i Bergsto i verste
vintertida. Dei var var leie og sinna og fekk da innvilga nokre veker
om vinteren, da i private heimar. I denne tida vart vegen mellom
Fjågesund og Bergsto bygd. I 1910 vart Bergsto eigen skulekrins og
fekk lærar. Da Fjågesund fekk ny skule, kjøpte Tarald Kåsi den gamle.
Han frakta det gamle, dårlege huset på vatnet ut til Oddebukti og sette
det opp nede ved vatnet. Det var i 1912. Men skulestyret ville ikkje
kjøpe stoga. Var ho for dårleg i Fjågesund, så var ho det vel i Bergsto
og! Men foreldra tok til å pusse opp huset. Da gav skulestyret seg og
overtok skulen. Det var i 1916. Skulestoga vart bruka heilt fram til
1958. Da var det ikkje nok elevar.
I dag står den vesle kvite skulen på same staden. Der fekk me den
fyrste boklege lærdomen vår. Faga me hadde, var norsk, landkunne,
rekning, bibelsoge og song! Me song i byrjinga av dagen og på slutten.
Eg trur me lærde mykje som ikkje vert lagt vekt på i dag. Me gjekk på
skulen tysdag, torsdag og laurdag i småskulen og dei andre dagane i
storskulen. (Eller kanskje det var omvendt?)
Bergsto skule, truleg 1954. F.v.: Reidun Øigarden, artikkelforfattaren, Bjørg Torsdalen, Sigmund Stemme, Kjerstine Vollum/Gundersen, Anne Øigarden og Johan Grossvoll.
Da eg tok til i fjerde klasse, fekk me ny lærar. Ho heitte Kjerstine
Vollum og var frå Trøndelag. Ho blei seinare gift med Isak Gundersen.
Dei budde i Fjågesund, og ho gjekk eller sparka til Bergsto kvar dag.
I tidlegare tider budde alltid lærarane på Oddebukti. Ho var sprek, tøff
og grei, men ho var ikkje så flink til å syngje, så det måtte me ungar
taka oss av. På slutten av femtiåra vart det så få elevar at skulen vart
lagt ned. Da Anne Øigarden og eg gjekk ut av sjuande klasse i 1958,
var det slutt på skulen i Bergsto. Det hadde da vore skule i bygda i
mange år. Mor mi og onkelen min hadde og gjenge der og mange før
dei. Bestemor mi, Marie, hadde skulevasken der ein del år.
Opp ein liten bakke frå skulen, men på same side av vegen, ligg
Midtbøen. Eigedommen vart òg utskild frå Vestigard Fjågesund og
ligg fint til med utsikt over Flåvatn. Men vegen går mellom våningshuset
og uthuset, så det var nok ei ulempe, i alle fall etter at det vart
meir biltrafikk. I rektig gamle dagar budde Mikkel og Margrete der,
men sonen Thomas overtok. Han var gift med Borghild som var frå
Sandefjordtraktene. Dei var veldig blide og snille, og i hagen voks det
tre med moreller og kirsebær. Og så hadde dei lysthus av syrin der,
koseleg med benk og bord. I vaksen alder har eg plukka mykje kirsebær
på «Mibben».
I kortspel-lære
Berre eit lite stykke frå Midtbøen, litt nede i bakken, ligg Torpen.
Sjølve plassen vart rydda ikring 1875, og stoga vart bygd av Tov Aase.
Han eigde det fram til Nils og Signe kjøpte det i 1925. Torpen vart
bruka som skulestoge før skulen i Bergsto vart sett opp. Det har vore
mykje usemje om eigedomen i seinare år. Då eg voks opp, budde
Signe og Nils der. Dei hadde fleire barn som hadde flytt ut, men den
yngste, Mari, var berre fire år eldre enn meg. På Torpen samla me oss
for å spele kort. Der lærte eg mange slags kortspel, noko eg ikkje fekk
lov til heime. Signe og me på Nordheim var ein del saman. Ho kom
gjerne ein tur bort til oss i kveldinga. Bestemor og Signe var usamde
om mangt og mykje. Eg hugsar godt ein gong dei var ueinge om det
var koseleg å vakne opp til fuglesong eller ikkje. Den eine meinte det
var koseleg og den andre ikkje. Etter att Signe vart gamal og flytte til
ein av ungane sine i Skien, ein gong på syttitalet, har eigedomen stade
og forfalle.
Eit lite stykke frå Torpen, litt lengre vest, ligg Haugen. Plassen ligg
på venstre side av storvegen. Mellom ”Mibben” som me kalla det og
Haugen, ligg Torpebakken. Det er vel den einaste bakken i grenda,
bortsett frå Køsabakken, som me syntes var litt tung å sykle. Eg kjem
godt i hug når Per Arne og Johan var ute og sykla på éin sykkel. Da sat
Per Arne som var litt lat, bakpå og Johan som var litt svak for skryt,
sykla alt han orka.
Da eg voks opp, budde det tre ugifte sysken på Haugen: Olaug,
Anlaug og Bjarne. Den gamle far deira, Jacob, hugsar eg og. Han sat i
ein gyngestol ved glaset og hadde full kontroll over fjorden og vegen.
Både Olaug og Anlaug hadde nok vore ut og tent, medan Bjarne hadde
teke seg av bruket. Dei hadde ei syster til, Borghild, og ho var den
einaste som hadde vore gift og hadde ei dotter som me kalla ”Munni”.
Borghild var jordmor, og eg gløymer aldri den ettermiddagen da eg
hadde rodd til bui i Fjågesund for å handle. Da eg kom heim, møtte eg
Borghild i gangen, og pappa sat ved kjøkkenbordet og grein. Da hadde
mamma, som var gravid i åttande månad, fødd ei lita dødfødt jente. Ho
vart gravlagt i same kiste som ein annan død person i bygda. Det var
det som var vanleg, til og med i femtiåra. For meg nå, er det framleis
vondt å tenkje på! Fire år etter, da veslebror vår, Kjell Audun, vart fødd
på «fødeheimen» i Bø, var Borghild jordmor der. Men attende til
Haugen. Da Jacob Bjørgulvson Slåtta frå Kilen, gift med Gunhild
Grosvoll, kjøpte eigedomen, flytta dei husa noko lengre ned mot vatnet.
Ein kan sjå hustufter lengre oppe i lia. Det var sjølvsagt lettare på
alle måtar å bu nærare fjorden. For lenge sidan var Haugen ein plass
under Fjågesund, som så mange andre plassar i Bergsto. Det har blitt
meg fortalt at i rektig gamle dagar tilhøyrde alle plassane vest for
Oddebukti Fjågesund gard og dei austafor høyrde til Kåsi. For nokre år
sidan vart det forresten bygd eit nytt hus på Haugen, eigd av folk frå
Tyskland.
Kjetil skomakar
Bare eit lite steinkast frå Haugen ligg Viflot. Det vart utskild frå
Haugen i 1904. På denne plassen vart og husa bygd lengre oppe i lia,
men flytt ned mot vatnet. Kjetil som kjøpte Viflot, skreiv seg da
Jutulbrua som er ein gamal plass på andre sida av fjorden. Han var ein
flink skomakar og murar og hadde sansen for gamle ting. Han og kona
Helene fekk fleire barn. Eit av barnebarna deira er Kjetil Torsdalen i
Brunkeberg.
Ovafor og litt lengre vest for Viflot ligg Teigen. Oppe i lia bak husa
skal det i gamal tid ha vore ein skytebane. Eigedomen vart utskild frå
Haugan. Jørgen, som var gift med Marie Hassel, kjøpte plassen ikring
1911. Da eg voks opp, budd Jørgen og Marie der. Dei hadde fleire barn
som hadde flytta ut, men eit av barnebarna, Aud, voks opp der. Ho var
nokre år eldre enn meg. Eit anna av barnebarna deira, Odd, eller
Oddemann som han vart kalla, kom og på besøk, helst om sommaren,
på båten. Han har i vaksen alder drive Sunde Transport på
Akkerhaugen. Marie Teigen var fødd i Amerika, og me syntes at ho var
ei fin dame. Ho var sydame, men dreiv og ein liten butikk nede ved
brygga i Bergsto. Men det var før mi tid. Dette knøttvesle huset vart
flytta til Storvik, oppe ved tunnelen i Fjågesund. Ein gong på femtitalet
tok det til å brenne på Teigen, og heile huset brann ned. Den stoga
som brann, var flytt over fjorden frå Lauvviki. Me synes det var skummelt
å sjå branntomta med den fæle pipa som sto att. Huset vart bygd
opp att og er i dag ein nyoppussa ferieplass.
Nede i bakken, nærare brygga, ligg Hovland. Tomta vart utskild frå
Bergsto i 1910. Den vart kjøpt og selt fleire gonger, før Alf Berge kjøpte
eigedommen i 1939. Han var gift med Mari Nås frå Drangedal og
dreiv m.a. som vegvaktar. Det er blitt meg fortalt at han måtte «steppe inn»
som fadder for meg, da eg skulle døypast 10. september 1944. Far
min, som da var ein ung og sprek gut på 21 år, hoppa ut gjennom glaset
i stoga heime på Nordheim da tyskarane var på jakt etter unge gutar
til Arbeidstenesta. Han og fleire andre heldt seg gøymd i skogen i lengre tid.
Mari, kona til Alf, var ei blid og koseleg dame. Eit år som eg var
ute og selde maiblomar, spanderte ho Delfiakake på meg. Det var på
den tid da denne kaka var svært populær. Det var mykje sjokolade og
lite kjeks, og da eg hadde ete eit par stykke og ho kom med meir, var
eg så kvalm at eg måtte springe heim att.
Marie postopnar
Like nedafor Hovland, litt nærare brygga, ligg Folkestad. Den plassen
vart og utskilt frå Bergsto i 1910, og vart og kjøpt og selt fleire gonger,
før Knut Flom kjøpte eigedomen, sette opp hus og dyrka jorda. Det
var rundt 1925. Etter Knut overtok dei tre døtrene Marie, Tomine og
Astrid eigedomen. Marie var postopnar i bygda. Da båten kom om
ettermiddagen, møtte Marie opp med postsekken sin. Ho gjekk om
bord, vart vekk ei stund og kom ut att med sekken full av post. Oppe
på «postkontoret» lukta det lakk som vart bruka til å forsegle brev
med. I vaksen alder var eg mykje på Folkestad og plukka både eple og
pærer. Så gode Åkerrø-eple får ein ikkje i dag. Marie og Tomine
budde på Folkestad, mens systera Astrid flytta tilbake frå Skien da ho
vart pensjonist.
Bergsto brygge, flyfoto 1969.
Den brygga som ligg i Bergsto i dag, vart nok bygd tidleg på 1900-talet.
Pakkbua vart sett opp i 1912/13. Den vart bruka som kol-lager for
båtane i nokre år. Båttrafikken var bindeleddet med omverda for oss.
Eg hugsar godt at me fekk grisunge i ei kasse på båten om våren.
Hanvar liten og snål og var inne på kjøkkenet dei fyrste dagane. Når hausten
kom, vart han slakta og stelt til middagsmat! Den dagen forsvann
eg! Av og til kom det kyllingar i ein pappask og. Dei vart til fine kvite
høner som gjekk i hønsegarden og gav oss gode egg. Brygga vart
ombygd litt i 1934/36. I dei siste åra er ho blitt «totalrenovert» av
nokre dyktige, unge menn frå Bergsto og Fjågesund. Men før denne
brygga kom, var det to brygger i Bergsto. Ei ved Grosvollberget og ei
mellom Folkestad og Nordheim. Da slusene var ferdige og dei store
båtane kom, som gjekk djupare i vatnet, vart vasstanden auka, og dei
gamle bryggene vart liggjande under vatn. Slepebåten Aksel var eit
vanleg syn på fjorden i min barndom. Han fór sakte og drog ein masse
tømmer etter seg. Det var nok ein meir miljøvennleg måte å frakte
tømmeret på, men det tok vel etter kvart for lang tid. Tømmerbilane
overtok.
Bergsto-namnet
17. mai i Bergsto, året er 1953. Framme fv.: Sigmund Stemme,
Reidun Øigarden, Tarald Øigarden, Harald Lyshol, Astrid Lyshol,
Jostein Lyshol og i vogna Tordis Stemme. I midten: Bjørg Torsdalen,
Aslaug Strandkås, Anne Øigarden. Bak f.v.: Martinus Lyshol, Aud
Teigen, Åsta Lyshol, Anna Lisa Stemme, Mari Midtbøen, Torleif
Midtbøen, Solveig Teigen. Birger Berge, Gunvor Øigarden.
Navnet Bergsto, som den neste garden heiter og som grenda har namnet
sitt etter, kjem av båtstøa til Bergegardane. I gamal tid var også
Bergsto eigd av Midtigard Fjågesund. Da var det husmenn som budde
der. I litt nyare tid var plassen eigd av Knut og Birgit Saubakk. Dei
dela frå nokre plassar rundt 1910. Men det eg hugsar, er at Dordi og
Thomas Flom budde der. Dei hadde to barn, Kåre og Aslaug Adeleide.
Aslaug bur framleis i Fjågesund, mens Kåre, som budde i Ulefoss,
døydde i 2015. Han var levande interessera i gamle dagar og visste det
meste. Eg var ein del opp til dei på ”Berstø”. Både Dordi og Thomas
var snille, og eg syntes det var moro å vera med dei. Og så hadde dei
telefon og ei veldig fin måneskinslampe. Ein haust, då eg var med
Dordi og skar jordeplegras, hogg eg meg i peikefingeren med sigden.
Det blødde fælt, og eg har arr den dag i dag. Bror min og eg laga oss
eit skihopp bak uthuset på Berstø. Ein av gongene som eg hoppa der,
stakk eg stubb og braut av det eine skiet.
Nordheim, der eg voks opp, vart og utskild rundt 1910. Det ligg rett
ned for Bergsto, på nedsida av storvegen, ned mot vatnet. Bestefar
min, Andreas, kjøpte plassen og sette opp hus der i 1913. Frå før hadde
det og vore hus der, men da heitte det Straand. Bestefar Andreas og
bestmor Marie, som var frå Haugåsmo i Vinje, fekk to born. Olav
Thomas og Herborg Margrethe. Dei var om lag jamgamle med Kåre og
Aslaug på nabogarden Bergsto. Dei leika mykje i saman. Aslaug og
mor mi, var gode veninner heile livet. Men eg trur nok ikkje at bestemor
Marie og nabokona Dordi var like gode vener. Bestemor var arbeiderpartimenneske
på sin hals, og Dordi var bondepartidame. Det kom
nok til nokre usemjer, spesielt 1. mai, da me arbeidsfolk tok det med
ro og Dordi og Thomas var ute med hest og kjerre og plukka stein. Det
var vel rettare sagt kasta stein, for det bråka heilt forferdeleg! Det ergra
bestemor mi. Men ho var ikkje sein om å seie i frå heller.
Far min Nils, korn gåande over heia frå Tørdal ein vårdag i 1942. Han
skulle tene på Vestgarden den sommaren. Men så gjekk det slik til at
han trefte mor mi, og det vart ekteskap og ungar. Me budde saman
med bestemor og bestefar i det vesle huset. Men etter tre år vart det
bygd på, så det vart betre plass. Bestefar Andreas sleit med ein sjukdom
som dei ikkje kjende til på den tid. Men nokre år etter at han var
død, kom det brev frå Rikshospitalet at han truleg kunne få hjelp. Det
var nok MS han hadde. Men han streva så godt han kunne. Kåre Flom
sa at han hugsa bestefar som låg på kne og kløyvde ved. Bestemor
Marie var eit arbeidsjern. Ho vaska, brodera, baka og tok det arbeidet
ho kunne få. Familien måtte ha noko å leva av.
I Sagabukti
Dersom me held oss langs vatnet, kjem me til Sagabukti. Der budde
det og folk, men ikkje i mi tid. Eg kan ikkje hugse hus der heller, men
i dei seinare åra sette Olav Fjågesund opp hytte der. Han budde i
Seljord. Etter å ha kome oss over Staulsåi og forbi nokre fjellskrentar,
kjem me til Briskelid. Der budde det og folk i gamle dagar. Eg har lese
at Børte og Hans Straand budde både på Briskelid og Straand. (Seinare
Nordheim). Det er sikkert gamle husmannsplassar mellom Briskelid
og Rullbakk og, men det veit eg ikkje. (Det heiter Rullbakk der vegen
går over til Tørdal.) Men i Briskelid spøkte det! Det har eg alltid høyrt,
så det stemmer sikkert! Eg sprang eller song høgt når eg ein sjeldan
gong gjekk heim att frå Fjågesund i mørkret. Da vart nok skrømta
redde, tenkjer eg!
Dersom me tek turen tilbake og held oss litt oppe i lia, kjem me til
Staulen. Det er ein plass mellom storvegen og Heilina, som me kallar
vegen over til Tørdal. Staulen var og er eigd av Fjågesund gard. På
Staulen budde Anne og Anders Aanesen. Dei var besteforeldra til
Bjørg Torsdalen, som eg var ein del i lag med. Ho og familien budde
da på Oddebukti. På Staulen var det moro å vera, og me sprang opp og
ned stien som gjekk frå vegen ved Staulsbrua . Dei hadde lysthus av
syrin der oppe, og med benkar inni. Eg gløymer aldri den gongen da
Anders rulla røyk til oss. Karva blad i avispapir! Det smaka heilt forferdeleg,
så det var ikkje stort eg fekk i meg, men eg trur det gjekk
verre med Per Arne. Han vart gørrsjuk! I dag er det bilveg til Staulen.
Den går frå Briskelid.
Me spring ned att til Staulsbrua og tek vegen attende til Nordheim.
Rett på andre sida av storvegen gjekk ein gangveg til Kleiv. Også
denne plassen er eigd av Fjågesund. Eg hugsar at det budde to eldre
ugifte jenter der. Liv og Maria. Der var eg og på besøk. Beinvegen opp
til Bergland og Bergegardane gjekk gjennom tunet deira. Dei var nok
litt nøye på det, men når eg skulle fylgje ungane på Holt eit stykke på
heimveg etter skulen, fekk me av dei gørrgode epla deira. Dei smaka
banan, og eg har aldri høyrt gjete dei andre stader. Kanskje treet står
der ennå?
Den fyrste plassen me kjem til er Bergland. Der budde det og to
einslege systrer, Anne og Ingebjørg. Dei flytte etterkvart til Hasvik i
Fjågesund.
Hasvik er den gamle butikken i bygda og ligg mellom brygga og den
nyare bui. I dag er det Birger Berge som eig Bergland. Me går vidare
oppetter lia og kjem til Underberge. Eg trur ikkje at det budde folk der
då eg voks opp, men tidlegare var det og ein plass under Berge. Den
noverande eigaren, Karin Maria Larsen, har saman med mannen sin,
Hjörtur Pålson, pussa opp og bygd nye uthus, så det er ein verkeleg fin
og triveleg stad.
Berge, som er neste stopp, er ein gamal gard frå 1600—talet.
Stabburet er frå 1789 og stoga frå 1872. Under Berge låg både Kasin,
Slåttekåsi, Underberge og Øvreberg. Dei som eigde og budde på garden
da eg voks opp, var Olav og Ingebjørg. Han hadde ein son frå før,
men Ingebjørg og Olav hadde ikkje barn. Dei var adoptivforeldre til
Birger som var nokre år eldre enn meg. Eg hugsar godt at han narra
meg til å stikke nasen ned i ein dunk med salmiakk. Eg heldt på å miste
pusten mens han og nokre større gutar ledde og kosa seg! Garden har
stått tom i mange år nå og er veldig forfallen. Det er trist. Når ein er på
Berge, er dei brattaste bakkane unnagjorde og landskapet flatar seg
meir ut. Bortover mot Heilina og vegen over til Tørdal, som forresten
var ferdig i 1913, ligg Sud-Berge. Dette bruket vart utskild frå Berge i
ca 1880 til Aall-Ulefoss. I 1897 vart garden selt til Meinstad Sagbrug
i Gjerpen, men i 1913 kjøpte Tarald Kaasa garden. Seinare overtok
sonen Sverre som var gift med Olga frå Tørdal. Dei kjøpte Kåsi i 1950
og flytta dit. Det er etterkomerane deira som eig garden nå.
Litt lenger mot toppen av Fjågesundheia ligg Holt som er utskild frå
Sud Berge i 1931. Her budde Olav og Gunhild, eller Gulla, som ho vart
kalla. Dei fekk etterkvart seks barn og nokre av dei var på same alder
som Per Arne og meg. Det var Gunvor, Anne og Reidun. Dei hadde og
ein større bror som heitte Tarald og ein mindre bror som heiter Hans'
Ove. Minste systera deira, Gunhild, var ein del år yngre. Dei fire eldste
gjekk på skulen i Bergsto og sprang eller gjekk ned og opp desse
bratte bakkane i sommarhalvåret. Om vinteren gjekk eller løypte dei
ned Heilina og ned Stallslepa som me kalla det. Og same vegen heimatt.
Det var ein lang og bratt skuleveg, men ingen tenkte over det.
Stallslepa kjem ned på andre sida av vegen for Sagabukti. Eg var ein
del på Holt og, for der var det mange å leike med. Me var til kvarandre
i bursdagar og av og til elles og. Eg hugsar godt at somme år kom
dei tre jentungane, springande ned Bergebakkane på min gebursdag
som er 10. april. Da var det tidleg vår! Nordheim og resten av bygda
ligg på skuggesida. Men når sola kom attende, var alle glade.
Nå håpar eg å ha fengje med noko om dei fleste gardane og småbruka
i denne fine Bergsto-bygda. Kanskje det vesle bidraget mitt kan
gjera til at ho ikkje går i gløymeboka!
Til slutt vil eg takke alle som har hjelpt meg med opplysningar om
grenda og alle som har lånt meg bilde!