Knarren løypelag tildela Drangedal kommunes kulturpris for 2023

Kulturprisen i Drangedal er ein gåvesjekk på 10000 kroner, blomar og ein plakett. Dette er ein velfortjent pris, takk for innsatsen, sa ordførar Tor Peder Lohne, då han dela ut prisen under Drangedalsdagane på bygdetunet.

Tor Peder Lohne, Bent Arve Bratås, Tom Einar Rosland, Lars Morten Homleid og Rune Hagen Tor Peder Lohne, Bent Arve Bratås, Tom Einar Rosland, Lars Morten Homleid og Rune Hagen

Takketalen framført av Bent Arve Bratås:

Det e ei stor ære for løypelaget, ein stor inspirasjon og ein anerkjennelse for dugnadsarbeidet på Fjågesundheia.

Overraska forrige fredag av Hilde Fiskum. Veldig moro å ringe styremedlemmene å meddele den gladnyheten.

Takk t dei som har foreslått oss, takk t dei som innstilte oss og takk t dei som tildelte oss prisen.

Takk t grunneigrane. Uvurderleg velvilje frå alle dei , takk t sponsorane og ikkje minst takk t alle dei som har vore med på dugnadsarbeidet, nevner spesielt reperatør og servicemann Bulle.

Takk t Øyvind og Inge Rosland som starta opp Knarren rundt i 1979 og som blei utgangspunktet for all aktiviteten som skjer på heia.

På vegne av Knarren løypelag, stor takk for Drangedal kommune sin kulturpris. Tusen takk.