Knarren løypelag![]() ![]() Knarren løypelag, blei av praktiske grunnar, hausten 2015 eit sjølvstendig lag registrert i i Brønnøysundregistra. Løypelaget har kun to medlemar, IL Tørn og Fjågesund IL. Kvart av desse laga har tre representantar i løypelaget sitt styre. Laget er registrert som grasrotmottakar i Norsk tipping og du kan støtte laget der eller på VIPPS #96053 Knarren løypelag har investert i ny maskinI slutten av 2024 investerte løypelaget i ny maskin. ![]() ![]() Den førre maskina hadde løypelaget i 10 år, og den blei selt til Ytterøy IL i Trøndelag i haust. I vår fekk med greie på at Skade IL skulle selje si maskin. Ein Pisten Bully 100, 2012 modell, men som ikkje hadde meir enn litt over 1000 brukstimar. Med ein god eigenkapital, inkludert salet av den gamle maskina, klarte løypelaget å betale 960.000 kr. Eit midlertidig lån i Drangedal Sparebank er nå innfridd, og løypelaget er gjeldfri etter handelen. Mange søknadar blei sendt i samband med investeringa, og laget ser optimistisk på driftinga inneverande sesong. Fjågesund IL og IL Tørn hjelpte òg til med ein ekstra kostnad knytt til AdBlue systemet. 10.000 kr kvar for dette. Slik sett har heile maskina kosta laget 980.000 kr. Eit stort løft for eit lite lag! Me takkar alle som har vore med på ulike måtar og fått dette prosjektet i hamn. |