Slettfjelløypa

Utsikt frå Slettfjell Utsikt frå Slettfjell


Før Knarren rundt løypa kjem heilt opp til Jomfrutjenn ligg Furuvannvegen tett attmed løypetrasèn. Her kan ein ta ein kort, men hard avstikkar opp til Slettfjell med om lag 200 høgdemeter fordelt på 2,3 km.

Ganske raskt får ein høgspentlinja Holen – Rød (420 kv) over hovudet før det stig jamnt og trutt vidare. Etterkvart kryssar ein Felehovdalen og kjem inn på den gamle Slettfjelløypa som gjekk via Fjellstul. Her er det ein bratt, tøff kneik, og ikkje minst fartar det godt på nedturen akkurat her.

Piggen ligg på venstre hand då ein er på toppen av denne motbakken. Nå blir terrenget rolegare, og dersom ein snur seg er det flott utsyn mot Lifjell oppetter myrdraga her. Den siste delen av løypa opp til Slettfjell er tung.

Fjellmannskartjenna ligg på høgra side før dei harde bakkane opp til varden tek til. Toppen på 850 moh blir pryda av ein solid steinvarde, og her er det panoramautsikt til havet i sør, Vealøstårnet, Jonsknuten, Lifjell, Brakandalsfjellet, Brokefjell, Fagerliheia, Roholtfjella, Hægefjell m.m.

Og så er det berre å glede seg til nedturen. Det er ei oppleving på det rette føret!!