Lysløype på Fjågesundheia

Vinteren 2019 blei den nye lysløypa på Fjågesundheia høgtideleg opna med skirenn og media til stades. Ein av initiativtakarane til turrennet Knarren rundt ,Øyvind Rosland, samt kona til den andre initiativtakaren, Inge Rosland, klypte snor og erklærte anlegget for opna. Den svært dyktige og profesjonelle og lokale speakeren Toralf Grave sørga for stemning og fyldig informasjon denne kvelden. Sparebankstiftelsen DNB har støtta dette prosjektet med 100.000 kr, og IL Tørn, Fjågesund IL og Knarren løypelag er svært takksame for denne støtta. Det var ei vitamininnsprøyting som gjorde all dugnadsarbeidet mykje lettare.