Velkomen til Fjågesund

Fjågesund er ei fin lita bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Bygda ligg ved kanalen, midt mellom Skien og Dalen. Den er delt i to delar, Fjågesund og Bergsto.

Utsikt over Fjågesund og Bergsto frå Ånås. Utsikt over Fjågesund og Bergsto frå Ånås.

Vi er omtrent 50 innbyggarar. Vi har kapell og grendehus, masse frisk luft, nydeleg natur og kanalen der vi kan dyrke båtlivet, bade og fiske.

Det meste skjer ved hjelp av dugnader, og der kan vi m.a. nemne at vi har bygd utleigebolig, for å kunne tilby folk husvære mens dei ser seg om etter fast bolig og evt jobb.

Grendehuslaget og idrettslaget i bygda syter for aktivitetar også på fritida.

Bygda ligg sentralt i den forstand at vi har fleire kommunesenter i nærleiken, noko som gjer at det er mange moglegheitar for å få arbeid når ein buset seg her.

Grendeutvikling i Fjågesund

Ei gruppe engasjerte menneske, både fastbuande og deltidsbuande, som brenn for Fjågesund, oppretta våren 2024 ei arbeidsgruppe for bygda sitt beste. Rapport frå dette arbeidet kan du lese her.