Fjågesund IL kjøper tråkkemaskin

Tråkkemaskina kjem

Vinteren 2019 bestemte idrettslaget seg for å bytte ut snøskuteren med ei tråkkemaskin. Etterkvart fekk me tak i ei høveleg maskin som vart henta i sommar. Dette er eit stort økonomisk løft for eit lite idrettslag, men med god støtte, frå Sparebanken Sør som la 40.000 kr i prosjektet og 5.000 kr frå Sparebanken DIN etter søknad via Sparebankstiftinga i Seljord, kan me til vinteren freiste med maskinpreparerte spor i ljosløypa for første gong. Tusen takk for tilskot som monar. Me gler kån.