Konsert i Fjågesund kyrkje

Konsert i Fjågesund Kyrkje Konsert i Fjågesund Kyrkje

Me i soknerådet hadde lenge visst at Jan Gunnar Haugen og Sindre Løvik hadde turnert rundt om i Vest-Telemark mellom anna med Johnny Cash-låtar. På eit soknerådsmøte utpå hausten blei det ein del prat om dette, og me blei einige om at jammen kunne det vera artig å få til ein konsert her i Fjågesund og. Soknerådsleiar spurte Jan, og svaret var overmåte positivt. Ikkje berre eit ”ja, me skal tenkje på det”. Dei hadde faktisk alt tenkt, fekk me vite, og snakka om seg i millom at det kunne vera moro å få til noko i Fjågesund.

Sjå konserten her

Og dermed var planlegginga i gang. At dei ynskte å få med dei flinke songfuglane me har her lokalt var jo veldig moro. Dato blei sett til 28. februar, og det blei mange og lange øvingskveldar fram til då. Minst 2 gonger i veka, oftast i kyrkja i Kviteseid. Sjølvsagt blei det mykje køyring for foreldra, men dei stilte lojalt opp. Alle involverte gjorde ein kjempejobb.

Det blei sett opp flotte plakatar som Aud, kona til Jan, laga. Me annonserte, og fekk omtale i VTB. Og dagen kom. Me var spente. Me lurte lenge på om det kunne bli naudsynt med ekstra stolar. Torde vel ikkje tru på det, men for å vera på den sikre sida blei det henta ekstra sitjeplassar frå grendehuset. Frå konserten i kykja Frå konserten i kykja Og godt var det. For folk strøymde på, frå alle kantar av kommunen og frå nabokommunar. Me som sat ved inngangen og selde billettar blei engstelige – ”No må det ikkje koma fleire, me får ikkje plass”- sa me til kvarandre. Men folk fortsette å koma, og plass blei det til alle. Me hadde vel aldri trudd at Fjågesund kyrkje skulle kunne romme 170-180 personar!

Det fekk ei stor oppleving i kyrkja denne kvelden, ein fantastisk og variert konsert, som i tillegg til Cash òg ga oss andre musikalske smakebitar. Denne kvelden vil sitja lenge i minnet. Me takkar musikantane. Sindre og Jan med song og gitar, Karl Martin Draugedal på bass, Trygve Jarle Nedrebø på slagverk, og songfuglane våre, Veslemøy og Live Bratås, Andrea Fjågesund og Lena Høibø. Me er verkleg stolte i bygda vår av desse flinke jentene. Me takkar alle som bidro med sin innsats for å få dette til, og ikkje minst takkar me alle som møtte fram og var med oss denne kvelden.

Helsing soknerådet.