Turid Fiskarbekk

Me kan vel sei at likestillinga kom tidleg til Fjågesund, då Turid Fiskarbekk tok på seg arbeid med å ro brynestein frå Dalen til Strengen.

Turid var fødd i 1771, og vart gift med Olav S Fiskarbekk. Dei hadde 8 born, men berre 4 fekk vekse opp.

Brynesteingruvene på Eidsborg, er av dei eldste kjende industriane i Noreg, og i meir enn 1000 år har brynsteinen vore ei eksportvare. Steinen blei frakta ein stor del av vegen med båt, frå Dalen til Strengen, ein strekke på om lag 70 km. Båtane som vart bruka, var store, tunge pråmar, med god lasteevne, men tunge som bly. Og det var ikkje alltid medvind. På veg oppatt, måtte ein ofte i land og trekke med seg pråmen oppover vatnet der det var sterk straum. Det var heller ikkje fritt for farar, og Turid opplevde då også å forlise med ein brynesteinbåt ute ved ein liten holme mellom Fjågesund og Strengen, Holmen vert den dag i dag kalla Pråmsteinen, og ein kan ennå sjå brynesteinane på botnen der ved holmen.

Turid Fiskarbekk var kjend for kjempekrefter og pågangsmot. Ho miste mannen sin i 1829, men gifte seg oppatt. Dei ville emigrere til Amerika, og fekk palass på ei skute som skulle gå via England over til den nye verda. Men skuta gjekk ned i den Engelske kanal, og folket om bord vart berga av ei fransk skute. Turid og Aslak, mannen hennar, reiste då heim att til Fiskarbekk, der Turid døydde i 1865, 94 år gamal.

Av andre kjende damer frå bygda, kan me nemne ho som i visa heiter Anne Knutsdotter og visstnok kom frå ein plass oppi steinrøysane nord i bygda, som heiter Knutskås.