Fjågesundsangen

Nils Strandkås var opprinneleg drangedøl, men kom til Fjågesund som ung for å arbeide. Han fortalte sjølv at når han kom gåande over heia frå Drangedal ein vårdag, og såg bygda Fjågesund som som låg foran han i solskinnet, tenkte han med seg sjølv: "Kunne eg finne ei jente her, som vil ha meg, så vil eg bu her all mi tid." Og slik blei det...

Nils skreiv tekst og melodi til Fjågesundsangen, ein song vi er svært glad i. Her får du teksten, og kjem du på besøk til oss, skal vi nok få lært deg melodien og ;-)

Ved å klikke på startknappen (den vesle pila) på lydspelaren kan du høyre Nils Strandkås spele og synge Fjågesundsangen.

Kom opp til Fjågesund, kom opp ifrå stimlen,
her er det tryggleik og fred.
Her flyger svala så høgt under himlen,
kveldsol bak fjelli går ned.
Her er tryggleik og fred i den grønkledte hei,
aldri her oppe du føler deg lei.
Om kvelden, på vatnet, sjå fjellauren vaker,
fred i ditt sinn får du då.

Fager er bygdi med stupbratte liar,
fjorden ligg speilblank og klar.
Oppgjennom liane svingar seg stiar,
går gjennom dalar og skar.
Bekkar som rislar gjer hugen din glad,
stansar langt nede ved fjorden ein stad.
Når vindane susar og skogane sover,
fred i ditt sinn får du då.

Kom opp til Fjågesund når snøteppet glitrar,
bortgjennom skogar og li.
Stjernene blinkar og månelys sitrar,
her kan du føle deg fri.
Når du dreg opp mot fjellet med månen som los,
finner du hytta med varme og kos.
Når fjellvinden stryk deg så lett over kinnet,
fred i ditt sinn får du då.

Fjågesund, mi heimbygd, hjå deg vil eg vera,
heilt til eg grånar av år.
Bildet av deg vil i hjarta eg bera,
heilt til mot gravi eg går.
Når mi vandring er slutt iblant livet som gror,
då vil eg kvila så trygt i di jord.
Du tek meg i famnen og gjøymer meg stille,
fred i mitt sinn får eg då.