Fjågesund kyrkje

Inngangssida Fjågesund kyrkje Inngangssida Fjågesund kyrkje

Fjågesund sokna tidlegare til Kviteseid gml. kyrkje. Om det gjaldt dåp, vigsel, konfirmasjon eller gravferd måtte ein dit. Det var ikkje veg, all ferdsel gjekk etter vatnet. Haust og vår kunne det vera problem å koma fram, og det er fortalt om eit gravfylgje som bare kom midtveges. Der måtte dei setja kista att i ein heller, der ho sto i 14 dagar. Staden ber namnet Likheller.

Men i 1901 fekk Fjågesund eigen kyrkjegard nede på Odden. Kristian Nordbø eigde heile området inkl. Fikjan då. Han kom frå Postmyr, men budde på Midtigard i dei tider. Seinare flytte han til Oslo og starta forretning der.

Det blir sagt at Dordi Kaasa kjøpte kyrkjegardstomta av han, og ga den. Ho ville gravleggjast ein stad der ho kunne sjå heim til Kaasa.

Då kyrkjegarden var komen vaks ynskjet om eit kapell seg sterkare og sterkare. Og i 1912 blei det bestemt å bygge. Tomtealternativ blei diskutert og vurdert, meiningane var nok mange, men til slutt landa dei på staden der kyrkja ligg i dag. Tomta er utskilt frå Søndre Fjågesund. Ein byggekomitè blei sett ned, den besto av Tor Lauvstad, Torjus Fjågesund og Steffen Lønnegraff. Arkitekt Børve i firmaet Borchenius og Børve i Porsgrunn teikna kapellet, og byggmeistarane Opsund og Sundbø, også Porsgrunn, fekk oppdraget. Då kapellet sto ferdig i 1915 hadde det kosta 26.000 kr, i tillegg blei det lagt ned mykje dugnadsarbeid.

Fjågesund kyrkje vigslingsdagen (frå Bernt Støylen sitt fotoalbum) Fjågesund kyrkje vigslingsdagen (frå Bernt Støylen sitt fotoalbum)

I Kvennåi sto den gongen eit sagbruk, drive med vasskraft (vasshjul). Her dreia O. Opsund, saman med Halvor Østenå som budde på Haugland, stolpane som prydar alle hjørne av kyrkja utvendig. Det var og dei som sto for utskjeringane inne.

Før kapellet kom låg skulen i bygda på denne staden. Skulehuset blei tatt ned og flytt til Bergsto. Der gjorde det nytte som skulehus for Bergsto til skulen blei lagt ned der i 1958. I Fjågesund blei det bygd ny skule. Den blei bygd på i 1996 og var i drift til den blei lagt ned omlag 10 år seinare.

Folk tok vare på det meste. Over alteret er eit 3-blada mosaikk-glas. Då det skulle på plass, blei holet i veggen skore ut i eitt stykke. Dette veggstykket fekk fot og blei hagebord på Vestgarden.

Døypefonten som Olav Torpen reparerte Døypefonten som Olav Torpen reparerte

19. juni 1916 skulle kapellet vigslast. Før det skulle ny døypefont på plass. Den kom med båt til brygga og blei heist i land, men då den skulle inn i kyrkja gjekk det gale. Dei var så uheldige å sleppe den på trappa, og foten knakk av. Gode råd var dyre. Dei laga støypemasse og lappa i hop. Men det blei ikkje fint. Ein tusenkunstnar som heitte Olav Torpen visste råd. Han slipa bruddstaden så den blei jamn og slett og sette den saman att med eit jernband rundt. Døypefonten står slik den dag i dag.

Det kom mykje folk til vigslinga, som biskop Bernt Andreas Støylen sto for. Presten Bergland i Kviteseid var sjølvsagt til stades, og prestane frå Rauland, Vinje, Mo, Lårdal, Fyresdal, Treungen, Nissedal og Lunde. Prosesjon ved vigslinga av Fjågesund kyrkje 19. juni 1916 Prosesjon ved vigslinga av Fjågesund kyrkje 19. juni 1916 Desse kom i prosesjon inn i kapellet med biskopen i spissen. 10 born var døypte denne dagen. Det var Gudrun Straand (Teigen), Torger Teigen, Einar Strand, Tarald Østenå og ho som seinare blei kona hans, Anna Gjertrud Fjågesund, Gunvald Østenå, Anna Berge (Vestgården), Magnhild Viflot (Jørgensen), Anna Olivia Holland og Alf Gundersen. Eitt par, Kari og Olav Steinbø, vart vigde.

Klokka 7 om morgonen blei det sett opp ekstra rutebåt frå Strengen, og attende om kvelden. Dei som skulle til Kviteseid reiste med båten Dyre Vaa.

Kapellet hadde om lag 125 plassar, men ein del blei fjerna nokre år seinare då orgelet kom. Orgelkassa blei sett opp som hytte på heia (Sporastaul), og er eigd av Olav Gravir.

Brurefølgje frå Fjågesund kyrkje ca. 1920 Brurefølgje frå Fjågesund kyrkje ca. 1920

Tarjei Barstad var kyrkjetenar då freden kom. 8. mai skulle alle kyrkjeklokker i landet ringe i samfulle to timar på same tid. Tarjei hadde vore kyrkjetenar i mange år, han var blitt ein gamal og sliten mann, og å dra i klokketauet er tungt. Etter ein time orka han ikkje meire. Han reiste heim, men dagen etter kom han tilbake og ringte ein time til. Dette fekk presten (Olav Bjørgum) greie på. Han var ikkje heilt blid og det blei gitt ei påtale om saka.

Etter han blei Martinius Torsdalen kyrkjetenar. Han budde på plassen Gravningen, som ligg i liane ovafor garden Østenå. Han hadde stor familie, eine sonen heiter Kjetil og bur i Brunkeberg. Det var ikkje bru i Martinius si tid. Han vassa i sno og rodde over sundet uansett ver for å skjøtte sitt verv. Det kravde ikkje lite i dei tider ein og måtte fyre for å varme opp kyrkjerommet. Sonen har fortalt at når det var skikkeleg kaldt drog han over dagen før og overnatta i kyrkja.

Fjågesund kyrkje, utsikt frå fjorden Fjågesund kyrkje, utsikt frå fjorden

Seinare hadde Toralf Straume jobben i mange år. Han budde heldigvis meire lettvint, rett ved kyrkja.

Før det blei oppretta kyrkjeleg fellesråd i kommunen hadde kvart sokn eiga kyrkjeverje. Fram til då, i 40 år, hadde Gunvald Østenå hadde dette vervet.

Fredsvåren reiste bygdefolket flaggstong ved kapellet. Den blei skifta ut seinare på grunn av rote. I 2009 var det igjen naudsynt å fjerne stonga, av same orsak. Soknerådet tok då initiativ til å kaupe og reise ny stålstong, som ein håper kan stå i mange år. Soknerådet og dei andre laga i bygda bidro, det same gjorde fellesrådet i Kviteseid.

Tidlegare hadde bygda og hatt ei flaggstong, men den sto i delet mellom Søndre Fjågesund og Vestigard, bortafor huset som Trond og Aud Turid Fjågesund bur i. Den hadde for lengst blitt øydelagt av rote og hadde dotte ned.

Fjågesund kyrkje Fjågesund kyrkje

Kristoffer Haugan var soknerådsleiar rundt 1970. I hans periode blei mykje gjort. Han var flink til å søkje midlar dei rette stadene, og dugnadsviljen var stor blant folk. I hans periode blei det flomlys ved kapellet, toalett og nytt bårehus, reiskapshus og vatningsanlegg på kyrkjegarden. Han var leiar bare ein periode – 4 år, men fekk gjennomført utruleg mykje. Haarek Midtgaard var prest då og var ein viktig støttespelar.

Då reiskapshuset var ferdig var det ikkje pengar att til måling. ”Kokken” som han blei kalla, Rolf Hansen, som budde i Oslo men leigde Solvang-huset rett ved kyrkjegarden som feriestad, spanderte då maling og lot feriegjestene sine måle huset.

Kyrkjegarden har fin utsik mot Bergsto Kyrkjegarden har fin utsik mot Bergsto

Kviteseid nye kyrkje og Fjågesund kapell blei bygde på likt og vart vigsla same året i juni, Kviteseid på sundag og Fjågesund på mandag. Fordi ein reikna med at Kviteseid ville feire 75-års jubileum, og fordi ein ikkje ynskte to feiringar kanskje same helg, valte ein i Fjågesund å feire 70 år i 1986, den 15. juni. Leiar i soknerådet då var Karin Maria Larsen.

Prest i Kviteseid var Ivar Aartun, som saman med kapellan Øyvind A. Jørgensen hadde gudstenesten. Tidlegare prestar som framleis levde blei inviterte (Haarek Midtgaard, Olav Bjørgum, Ernst Orstad). Det same blei alle som vart døypte på vigslingsdagen. Bortsett frå ein (Alf Gundersen) levde alle då. Sonen til paret som vart vigde blei invitert, og elles alle med spesiell tilknytting til kapellet.

Det var eit fullsett kapell jubileumsdagen. Gunstein Draugedalen song både i kyrkja og på grendehuset etterpå. Der blei det servert mat, kaker og kaffi, og der var opplesing. Torjus Fjågesund las prolog han sjølv hadde dikta, og det vart overrekt blomar og gåver. Været var praktfullt, bygda viste seg frå si beste side, og det blei ein flott og ugløymeleg dag.

Fjågesund og Kilen blei slått saman til eitt sokn frå jan. 1997. Fjågesund kapell fekk då endra status frå kapell til kyrkje. I 2008 feira Kilen kapell sitt 50-års jubileum, med stor deltaking.

Og i 2016 kan Fjågesund kyrkje feire sitt 100-års jubileum!



Kyrkjeklokka har fylgjande inskripsjon:


Høyr kallet ljomar vidt um grend
Kom inn, no døri opi stænd
Kom inn til Gud med sorg og tvil
og inn – til fred og kvil



Fjågesund, 2015


Karin Maria Larsen