Velkomen til Fjågesund

Fjågesund er ei fin lita bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Bygda ligg ved kanalen, midt mellom Skien og Dalen. Den er delt i to delar, Fjågesund og Bergsto.

Utsikt over Fjågesund og Bergstod frå Ånås. Utsikt over Fjågesund og Bergstod frå Ånås.

Vi er omtrent 60 innbyggarar, derav mange unge familiar. Vi har kapell og grendehus, masse frisk luft, nydeleg natur og kanalen der vi kan dyrke båtlivet, bade og fiske.

Det meste skjer ved hjelp av dugnader, og der kan vi m.a. nemne at vi har bygd utleigebolig, for å kunne tilby folk husvære mens dei ser seg om etter fast bolig og evt jobb.

Grendehuslaget og idrettslaget i bygda syter for aktivitetar også på fritida.

Bygda ligg sentralt i den forstand at vi har fleire kommunesenter i nærleiken, noko som gjer at det er mange moglegheitar for å få arbeid når ein buset seg her.