Fritidsaktivitetar

Idrett - idrettslaget arrangerar skikarusellar, luftbørseskjoting innendørs, styrketrening, idrettsmerket, 17. mai, fellesturar, driv ljosløype og køyrer opp skiløyper vinterstid i samarbeid med IL Tørn.

Knarren rundt - er eit skirenn som blir arrangert skjærtorsdag kvart år i samarbeid med IL Tørn. Det brukar å samle mykje folk og totalt er det gjerne over 200 deltakarar.

Grendehuslaget - driv grendehuset. Det har m.a. vore ungdomsdiskotek og dansekurs /-kveldar i regi av Grendehuslaget.

Fjågesund Vel - er ei forening som fyrst og fremst har sørga for drifta av bygdas utleigebolig. Det vart bygd ein bolig tidlig på 90-talet, der meininga er at folk som har lyst til å busetje seg her, kan søke om å få leige til ei rimeleg penge mens dei til dømes ordnar med fast bustad, eller berre har lyst til å prøve å bu her, utan å binde seg med ein gong. Alle kan søke om å få leige denne bustaden, og den blir leigd ut for eit år om gongen.

Jakt og fiske - det er bra terreng og moglegheitar for leige av jakt. Fiske i Flåvatn er gratis bortsett frå avgifta til staten, og det er også småvatn og tjern oppi heiane rundt Fjågesund der ein kan fiske etter nærare avtale med grunneigarar. Det er også elgjaktlaga som sørgar for å stelle til den årlege elgfesten kvart år, eit arrangement du skal ha god unnskyldning for å gå glipp av :-)

For dei som er interessert i alpint, er det berre 20 km til Vrådal, der dei har flotte skianlegg med ein av Nordeuropas største skiheisar.