Fjågesund kyrkje
Inngangssida Fjågesund kyrkje
Fjågesund sokna tidlegare til Kviteseid gml. kyrkje. Om det
gjaldt dåp, vigsel, konfirmasjon eller gravferd måtte ein dit. Det var ikkje
veg, all ferdsel gjekk etter vatnet. Haust og vår kunne det vera problem å koma
fram, og det er fortalt om eit gravfylgje som bare kom midtveges. Der måtte dei
setja kista att i ein heller, der ho sto i 14 dagar. Staden ber namnet
Likheller.
Men i 1901 fekk Fjågesund eigen kyrkjegard nede på Odden.
Kristian Nordbø eigde heile området inkl. Fikjan då. Han kom frå Postmyr, men
budde på Midtigard i dei tider. Seinare flytte han til Oslo og starta
forretning der.
Det blir sagt at Dordi Kaasa kjøpte kyrkjegardstomta av han,
og ga den. Ho ville gravleggjast ein stad der ho kunne sjå heim til Kaasa.
Då kyrkjegarden var komen vaks ynskjet om eit kapell seg
sterkare og sterkare. Og i 1912 blei det bestemt å bygge. Tomtealternativ blei
diskutert og vurdert, meiningane var nok mange, men til slutt landa dei på
staden der kyrkja ligg i dag. Tomta er utskilt frå Søndre Fjågesund. Ein
byggekomitè blei sett ned, den besto av Tor Lauvstad, Torjus Fjågesund og
Steffen Lønnegraff. Arkitekt Børve i firmaet Borchenius og Børve i Porsgrunn
teikna kapellet, og byggmeistarane Opsund og Sundbø, også Porsgrunn, fekk
oppdraget. Då kapellet sto ferdig i 1915 hadde det kosta 26.000 kr, i tillegg
blei det lagt ned mykje dugnadsarbeid.
Fjågesund kyrkje vigslingsdagen (frå Bernt Støylen sitt fotoalbum)
I Kvennåi sto den gongen eit sagbruk, drive med vasskraft
(vasshjul). Her dreia O. Opsund, saman med Halvor Østenå som budde på Haugland,
stolpane som prydar alle hjørne av kyrkja utvendig. Det var og dei som sto for
utskjeringane inne.
Før kapellet kom låg skulen i bygda på denne staden.
Skulehuset blei tatt ned og flytt til Bergsto. Der gjorde det nytte som
skulehus for Bergsto til skulen blei lagt ned der i 1958. I Fjågesund blei det
bygd ny skule. Den blei bygd på i 1996 og var i drift til den blei lagt ned
omlag 10 år seinare.
Folk tok vare på det meste. Over alteret er eit 3-blada
mosaikk-glas. Då det skulle på plass, blei holet i veggen skore ut i eitt
stykke. Dette veggstykket fekk fot og blei hagebord på Vestgarden.
Døypefonten som Olav Torpen reparerte
19. juni 1916 skulle kapellet vigslast. Før det skulle ny
døypefont på plass. Den kom med båt til brygga og blei heist i land, men då den
skulle inn i kyrkja gjekk det gale. Dei var så uheldige å sleppe den på trappa,
og foten knakk av. Gode råd var dyre. Dei laga støypemasse og lappa i hop. Men
det blei ikkje fint. Ein tusenkunstnar som heitte Olav Torpen visste råd. Han
slipa bruddstaden så den blei jamn og slett og sette den saman att med eit
jernband rundt. Døypefonten står slik den dag i dag.
Det kom mykje folk til vigslinga, som biskop Bernt Andreas Støylen
sto for. Presten Bergland i Kviteseid var sjølvsagt til stades, og prestane frå
Rauland, Vinje, Mo, Lårdal, Fyresdal, Treungen, Nissedal og Lunde.
Prosesjon ved vigslinga av Fjågesund kyrkje 19. juni 1916
Desse kom i
prosesjon inn i kapellet med biskopen i spissen. 10 born var døypte denne
dagen. Det var Gudrun Straand (Teigen), Torger Teigen, Einar Strand, Tarald
Østenå og ho som seinare blei kona hans, Anna Gjertrud Fjågesund, Gunvald
Østenå, Anna Berge (Vestgården), Magnhild Viflot (Jørgensen), Anna Olivia
Holland og Alf Gundersen. Eitt par, Kari og Olav Steinbø, vart vigde.
Klokka 7 om morgonen blei det sett opp ekstra rutebåt frå
Strengen, og attende om kvelden. Dei som skulle til Kviteseid reiste med båten
Dyre Vaa.
Kapellet hadde om lag 125 plassar, men ein del blei fjerna
nokre år seinare då orgelet kom. Orgelkassa blei sett opp som hytte på heia
(Sporastaul), og er eigd av Olav Gravir.
Brurefølgje frå Fjågesund kyrkje ca. 1920
Tarjei Barstad var kyrkjetenar då freden kom. 8. mai skulle
alle kyrkjeklokker i landet ringe i samfulle to timar på same tid. Tarjei hadde
vore kyrkjetenar i mange år, han var blitt ein gamal og sliten mann, og å dra i
klokketauet er tungt. Etter ein time orka han ikkje meire. Han reiste heim, men
dagen etter kom han tilbake og ringte ein time til. Dette fekk presten (Olav
Bjørgum) greie på. Han var ikkje heilt blid og det blei gitt ei påtale om saka.
Etter han blei Martinius Torsdalen kyrkjetenar. Han budde på
plassen Gravningen, som ligg i liane ovafor garden Østenå. Han hadde stor
familie, eine sonen heiter Kjetil og bur i Brunkeberg. Det var ikkje bru i
Martinius si tid. Han vassa i sno og rodde over sundet uansett ver for å
skjøtte sitt verv. Det kravde ikkje lite i dei tider ein og måtte fyre for å
varme opp kyrkjerommet. Sonen har fortalt at når det var skikkeleg kaldt drog
han over dagen før og overnatta i kyrkja.
Fjågesund kyrkje, utsikt frå fjorden
Seinare hadde Toralf Straume jobben i mange år. Han budde
heldigvis meire lettvint, rett ved kyrkja.
Før det blei oppretta kyrkjeleg fellesråd i kommunen hadde
kvart sokn eiga kyrkjeverje. Fram til då, i 40 år, hadde Gunvald Østenå hadde
dette vervet.
Fredsvåren reiste bygdefolket flaggstong ved kapellet. Den
blei skifta ut seinare på grunn av rote. I 2009 var det igjen naudsynt å fjerne
stonga, av same orsak. Soknerådet tok då initiativ til å kaupe og reise ny
stålstong, som ein håper kan stå i mange år. Soknerådet og dei andre laga i
bygda bidro, det same gjorde fellesrådet i Kviteseid.
Tidlegare hadde bygda og hatt ei flaggstong, men den sto i
delet mellom Søndre Fjågesund og Vestigard, bortafor huset som Trond og Aud
Turid Fjågesund bur i. Den hadde for lengst blitt øydelagt av rote og hadde
dotte ned.
Fjågesund kyrkje
Kristoffer Haugan var soknerådsleiar rundt 1970. I hans
periode blei mykje gjort. Han var flink til å søkje midlar dei rette stadene,
og dugnadsviljen var stor blant folk. I hans periode blei det flomlys ved
kapellet, toalett og nytt bårehus, reiskapshus og vatningsanlegg på
kyrkjegarden. Han var leiar bare ein periode – 4 år, men fekk gjennomført
utruleg mykje. Haarek Midtgaard var prest då og var ein viktig støttespelar.
Då reiskapshuset var ferdig var det ikkje pengar att til
måling. ”Kokken” som han blei kalla, Rolf Hansen, som budde i Oslo men leigde
Solvang-huset rett ved kyrkjegarden som feriestad, spanderte då maling og lot
feriegjestene sine måle huset.
Kyrkjegarden har fin utsik mot Bergsto
Kviteseid nye kyrkje og Fjågesund kapell blei bygde på likt
og vart vigsla same året i juni, Kviteseid på sundag og Fjågesund på mandag.
Fordi ein reikna med at Kviteseid ville feire 75-års jubileum, og fordi ein
ikkje ynskte to feiringar kanskje same helg, valte ein i Fjågesund å feire 70
år i 1986, den 15. juni. Leiar i soknerådet då var Karin Maria Larsen.
Prest i Kviteseid var Ivar Aartun, som saman med kapellan
Øyvind A. Jørgensen hadde gudstenesten. Tidlegare prestar som framleis levde
blei inviterte (Haarek Midtgaard, Olav Bjørgum, Ernst Orstad). Det same blei
alle som vart døypte på vigslingsdagen. Bortsett frå ein (Alf Gundersen) levde
alle då. Sonen til paret som vart vigde blei invitert, og elles alle med
spesiell tilknytting til kapellet.
Det var eit fullsett kapell jubileumsdagen. Gunstein
Draugedalen song både i kyrkja og på grendehuset etterpå. Der blei det servert
mat, kaker og kaffi, og der var opplesing. Torjus Fjågesund las prolog han
sjølv hadde dikta, og det vart overrekt blomar og gåver. Været var praktfullt,
bygda viste seg frå si beste side, og det blei ein flott og ugløymeleg dag.
Fjågesund og Kilen blei slått saman til eitt sokn frå jan.
1997. Fjågesund kapell fekk då endra status frå kapell til kyrkje. I 2008 feira
Kilen kapell sitt 50-års jubileum, med stor deltaking.
Og i 2016 kan Fjågesund kyrkje feire sitt 100-års jubileum!
Kyrkjeklokka har fylgjande inskripsjon:
Høyr kallet ljomar vidt um grend
Kom inn, no døri opi stænd
Kom inn til Gud med sorg og tvil
og inn – til fred og kvil
Fjågesund, 2015
Karin Maria Larsen