Ut på tur 2018

Fjågesund idrettslag har plukka ut fire turmål der du finn ei postkasse med bok. Dei som har gått alle 4 turane i 2018 vert med i trekkinga av ein fin premie på fyrste morokveld til hausten. Bøkane ligg ute til 20. september.

Telnesåsen

Kart av ruta til Telnesåsen
Til postkassa på Telnesåsen er det oppmerka løpye.

Hyvre

Kart av ruta til Hyvre
Til postkassa på Hyvre er det oppmerka løype og bok heile året.

Groa

Kart av ruta til Groa
Fylg vegen, postkassa er godt synleg i vegkanten ved Groa.

Næring

Kart av ruta til Næring
Fylg DNT si rute til Næring som startar ved parkeringsplassen på toppen av heia. Postkassa heng på ei av dei høge omformarmastene.