Sogestrenger med Sigurd og Sara

Sigurd Telnes og barnebarnet Sara Fjågesund Aase Sigurd Telnes og barnebarnet Sara Fjågesund Aase

90 år gamle Sigurd Telnes og barnebarnet på morsida, Sara Fjågesund Aase, har saman gjeve ut cd nå i 2015. Søndag 11.oktober underheldt dei på grendehuset i Fjågesund med slåttar og soger frå denne cd`n med den treffande tittelen. Og i Fjågesund har Sara slektsrøter på farssida, då farfar Olav voks opp her, og som seinare flytte til Seljord.

I veksling mellom forteljarkunst og hardingfelespel framførte dei ei stemningsfull formidling av segn, soger og lokalhistorie. Til og med ei herme frå Groa hadde Sigurd på lur denne kvelden. Sara er utøvar i den gjevaste hardingfeleklassa A, og viste kvifor ho høyrer heime der, medan Sigurd i ein alder av 90 år ganske enkelt imponerer med sine ordbroderier og hugs. Flott kveld med kvalitetsunderhaldning.