Folkemusikk og kveding på grendehuset

Onsdag 9. oktober 2013 fekk vi besøk av tre dyktige musikarar på grendehuset.

Jon Anders Halvorsen frå Lunde losa oss igjennom ein halvannan times kvad, stev og folkeviser på somtid ekte, Levande ljos skaper stemning Levande ljos skaper stemning god lundedialekt. Hans sterke stemme og gode tekstframføring vart krydra med ein svensk setesdøle, Daniel Sandén-Warg på bl.a. fele og ein oslogut som har flytt til Bø, Anders Røine på langeleik og munnharpe. Saman gav dei oss variert musikk med skjemt og alvor - det meste slåttestev og visestubbar samla etter gamle folkemusikarar frå ei svunnen tid.

Småbord, dempa belysning, levande ljos og heimbaka kaker laga ei koseleg og lun stemning på ein mørk haustkveld.

Jon Anders Halvorsen syng visa Store Føtter som han lærte av Gunvald Torsdalen