Heimafrå - Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland på Fjågesund Grendehus

Søndag 17. mars 2013 kom Odd Nordstoga saman med den unge songfuglen Ingebjørg Harman Bratland og Gjermund Silset på gitar og bass. Dei heldt ein nær to timar lang stemningsfull konsert to gonger for fullsett sal på grendehuset.

Heimafrå, konsert på Grendehuset Heimafrå, konsert på Grendehuset

Publikum fekk høyre den eine songperla etter den andre med tradisjonelle folkeviser og bånsullar frå Vest-Telemark, Buskerud og Setesdal, regla Olav Olav hit på radioen, middelaldervise og moderne musikk som Hellbillies og Ry Cooder, ispedd artige kommentarar og mykje sjølvironi.

Odd og Ingebjørg saman er perfekt og applausen vart lang og hjarteleg varm. Publikum reiste seg frå stolane i begeistring etter to ekstra nummer, og vart påskjønna med endå ei vise, nemleg kjærleiksongen om Gyri og Jo frå Nivelkinn skrive av Aslaug Vaa som trødde sine barnesko i Kviteseid.

Kommentarar frå publikum var: når Ingebjørg syng får eg gåsehud og håret reiser seg i nakken på ein god måte! når dei syng saman ynskjer ein det aller tok slutt og ein kjenner ikkje dei vonde plastikkstolane! denne form for intimkonsert passa veldig bra i den koselege salen dikkon har!

Det var populært med salet av kake og kaffi, og artistane kytte ekstra av det heimbaka brødet dei fekk til kveldsmaten.

Ingebjørg og Odd på bakrommet