Kjære dykk i Fjågesund!

Då eg slutta i skulen i fjor, var eg så heldig å få 4000 kr til ein storbytur av dykk. Eg fann fort ut at turmålet måtte bli London. I engelsktimane på skulen i Fjågesund har vi lese og lært mykje om denne store og spennande byen. Men eg hadde ikkje besøkt byen og sett dei kjende stadene ved sjølvsyn. Derfor ville eg gjerne reise hit, og i april reiste Øyvind og eg på ein 6 dagars tur. Eg vil gjerne dele ein del av reiseopplevingane våre med dykk, og med stor takk for gåva sender eg her

REISEBREV FRÅ LONDON.

Måndag 14. april

flaug Øyvind og eg med Ryan Air frå Torp til Stanstead flyplass, 6 mil nord for London. Det er lettvint å reise frå Torp. Enkelt å finne fram, oversiktleg og korte avstandar på flyplassen.

Herdis ser utover London. Herdis ser utover London.

Flyturen tok bare 105 minuttar. På flyet selde dei billettar til togturen Stanstead - London, dermed gjekk det raskt å kome vidare til London sentrum.

London er ein stor by med lange avstandar, og det er heilt naudsynt å ta bane og buss. Det fyrste vi gjorde, var derfor å kjøpe 7-dagars "Oistercard". Det kosta litt under 500 kr, og då kunne vi reise så mykje vi ville med offentleg framkomstmiddel i sentrum. Når ein i tillegg har kart over T-bane og buss, er det lett å finne fram.

Overnatting.

Dei tre fyrste nettene budde vi på sjømannskyrkjene. Dei skandinaviske sjømannskyrkjene ligg nær kvarandre på sør-sida av Themsen, litt aust for Tower Bridge, i eit roleg bustad-strok.

Dei har rom for overnattingsgjester, men det er rift om plassane, så ein må vere tidleg ute med å bestille. Då vi maila etter rom i januar, var alt oppteke på den norske kyrkja, men vi blei vist vidare til den finske og svenske kyrkja, og då ordna det seg slik at vi fekk bu to netter på den finske sjømannskyrkja, deretter ei natt på den svenske.

Her blei vi tekne godt imot. Personalet var vennlege og hyggelege, flinke til å gje tips om reiseruter og ting å sjå, kyrkjene var heimekoselege, og maten god og rimeleg. Å bu på sjømannskyrkja kan anbefalast! Finnane og svenskane tok like godt imot oss som sine eigne landsmenn. "Hugs på at vi alle er skandinavar og naboar her i utlandet!" sa dei.

Dei to siste nettene budde vi på eit hotell ved Kensington Gardens på den andre sida av byen. Hotellet låg ca 50 meter unna Queensway, ei livleg handelsgate med trafikk døgnet rundt.

Det var i grunnen greitt å bu på litt forskjellige stader, då såg vi meir til dei ulike sidene av London.

Tower Bridge. Tower Bridge.

By med mange menneske og køar.

Vi merka fort at dette er ein storby. Det er eit yrande liv over alt, her er menneske frå alle nasjonar og i alle hudfarger. På gata høyrer ein eit virvar av ulike språk, og rett som det er, høyrer ein norsk også.

Når det er folksamt, blir det ofte køar, og slikt er det mykje av i London. Vi stod i kø for å kjøpe billettar, kome inn på t-bane, buss og museum, kjøpe oss mat med meir. Men engelskmennene er vane med slikt. Eg såg aldri sure miner når dei stod og venta på tur. Men dei passar godt på at alle fylgjer reglane, og hjelper til på ein høfleg og venleg måte dersom ein utlendig stiller seg på feil plass. Eg blei tilsnakka mange gonger fordi eg stod i feil kø!

Tysdag 15. april:

Tower Bridge, St. Paul's, the Monument, Westminster Abbey.

Etter frukost spaserte vi langs Themsen bort til Tower Bridge. Vi gjekk over til The Tower of London. Her krydde det av skuleklasser og turistar frå alle verdens kantar som skulle inn og sjå, og køane var skikkeleg lange, så vi hoppa heller på ein buss til St. Paul's Cathedral. Kuppelen over denne kyrkja er den nest største i verda etter den i Peterskyrkja. Vi gjekk over 500 trappetrinn opp til The Golden Gallery øvst i kuppelen, der var det ein fantastisk utsikt over byen. Men dersom ein har høgdeskrekk, er ikkje dette tingen!!!

Vel nede att deltok vi i nattverdsamling, før vi gjekk ned i krypten under kyrkja.

Der var det fleire graver, men også kafear og små butikkar. Det var godt å få sitje ned med eit måltid mat.

Rett utanfor St. Paul's er The Monument, ei svær søyle som er sett opp til minne om bybrannen i 1666. Dette ligg i bydelen The City, der mykje av finanslivet i London finst. Og folk som driv med finansar og kontor må kle seg høveleg: Svært mange av mennene strena av garde i svart dress, kvit skjorte, slips og dokumentmappe, kvinnene klakka av garde i sko med skyhøge hælar, elegant drakt og sminke.

Øyvind og Elvis Presley, Madame Tussaud's Øyvind og Elvis Presley, Madame Tussaud's

Vi bussa vidare til Trafalgar Square. Like innmed ligg National Gallery. Så å seie alle musea i London har gratis inngang, slik var det også her. Her er ei av verdas breiaste samlingar av maleri av europeiske meisterar. Vi var der inne i ein time, og fekk med oss ein bitte liten brøkdel..

Så bussa vi eit lite stykke til, og stansa ved The Houses of Parliament og Big Ben.

Rett innmed ligg Westminster Abbey, der så å seie alle kongane og dronningane i Storbritannia har blitt innsette i gjerninga si. Klokka 17 kvar dag er det "Evening Song", og vi rakk akkurat å bli med. Ein mann i uniform spurde høfleg og verdig om kor mange vi var, deretter vart vi tildelt plassar og program. Gutekoret i kyrkja song, og det var ei oppleving både å sjå og høyre dei. Dei hadde raude kapper med høge, kvite rynkekragar, og stemmene var klokkeklare og reine.

Tilbake på den finske sjømannskyrkja kjøpte vi oss god, heimelaga middag for 50 kr porsjonen!

Onsdag 16. april.

Madame Tussaud's.

Herdis og Steven Spielberg, Madame Tussaud's Herdis og Steven Spielberg, Madame Tussaud's

Madame Tussaud's er ein av dei mest berømte attraksjonane i London, så dette måtte vi få med oss. Vi tok The Underground til Baker Street. Køen inn til museet byrja ute på gata, varde i ein time, og vi hadde ei kjensle av å gå i kø gjennom museet også. Men det var utruleg å sjå voksfigurane av alle dei kjende, historiske personane og alle kjendisane. Her hadde vi lov til å ta på figurane, og ein kunne ta bilete av seg saman med superfavorittane. Fleire av voksfigurane var veldig livaktige, så eg måtte heile tida vere på vakt før eg tok borti dei – det ville vere pinleg dersom eg klemte borti eit heilt levande menneske i staden!

Tilbake i Den finske kyrkja i Albion Street henta vi sakene, og gjekk nokre få kvartal over til den svenske kyrkja. Vi fekk eit enkelt, men koseleg rom. No kunne vi lese aviser og vekeblad på eit språk det gjekk an å skjøne!

Torsdag 17. april.

Hotellet i Kensington. Privat besøk i West Acton. Konsert i St. Martin in the Fields.

Ei ung jente heldt morgonandakt i kyrkja for alle gjestene før frukost. Vi hadde eit hyggeleg måltid med svensk mat.

Så var det å finne Best Western Phoenix Hotel. Det gjekk greitt: Jubilee line frå Canada Water til Westminster, deretter Circle line til Bayswater. Hotellet viste seg å vere stille og fint. Men romet vi fekk, var kvalmande tett av røyklukt. Då vi klaga, sa resepsjonsdama at dette måtte vi sagt frå om ved tinging, for ellers tildelte dei alltid rom der røyking inne var tillate! Slik har vi det ikkje i Noreg--

Covent Garden Market Covent Garden Market

Heldigvis var det eit greitt, røykfritt rom ledig i kjellaren, dette fekk vi i staden.

Vi gjekk ein tur i Kensington Gardens før vi tok toget til West Acton, der vi skulle besøke ein pastor i den Anglikanske kyrkja. Acton ligg litt utanfor bykjerna i London, og det var fredeleg og godt å gå i rolege bustadgater, der rekkjehus av murstein låg på rad og rekkje med små hageflekkar framføre. Sjølv om husa var like, var alle dei små, koselege hagane forskjellige.

Vi blei kjende med pastor Mark på eit kurs i Stavanger i vinter, og det var hyggeleg å treffe han att.

På toget tilbake var det ein blid, eldre mann som byrja å prate med Øyvind. Og plutseleg prata fleire i kupeen. Ved sida av meg sat det ein ung, høfleg mann frå Nigeria. Han hadde så grueleg lyst til å flytte til Noreg, for der var alle rike og fekk gratis skulegang. Å, om han bare kunne kome til det vakre og rike landet Noreg.. det var hans høgste ynskje.. Eg er slett ikkje så sikker på at ynsket hans blir oppfylt.

Så reiste vi til St. Martin- in- the- Fields, som er ei kyrkje i nærleiken av Trafalgar Square. Kyrkjeromet er enkelt, men med ein svært god akustikk, så det er ikkje for ingenting at mange musikkinnspelingar er gjort der. Det er ofte konsertar der også. I krypten under er det ein stilig kafeteria med kjempegod, rimeleg mat, god stemning og levande ljos, i tillegg til ein bokbutikk.

Vi gjorde unna eit kafeteriabesøk, før vi gjekk på konsert. Ei gruppe unge, superflinke strykarar spela Mozart, Elgar og Purcell. Nydeleg, og slik ei speleglede dei hadde! Konserten varde i to timar, men me kunne gjerne høyrt på lenger. Vi klappa både lenge og vel i håp om eit ekstra nummer, men nei.

Fredag 18. april.

Ei av damene på den finske sjømannskyrkja anbefalte oss sterkt å besøke the Imperial War Museum, derfor sette vi av heile dagen til dette besøket.

Og her kunne vi ha gått i fleire dagar.. Her var det fleire etasjar med historiske dokument, gjenstandar og rekonstruksjonar. Ei stor utstilling viste korleis livet arta seg under 2. verdskrigen, når dagane var fulle av portforbod, flyalarmar, propagandabodskap og ventetid.

Imperial War Museum Imperial War Museum

Eldre pensjonistar sat klare til å fortelje om oppveksten dei hadde i London på 40-talet, det var bare å gå bort og spørje dei.

Ei stor utstilling viste førebuinga og gjennomføringa av D-dagen i Normandie.

Ein av dei øvste etasjane handla om Holocaust. Det var ei særs sterk oppleving.

Museet hadde også stoff om mange andre krigar i verda. Det var så utruleg mykje å sjå, høyre og lære.

Om kvelden reiste vi tilbake til St. Martin-in-the-Fields att, for å ete ein betre middag. Besøket dagen før gav meirsmak. Plutseleg høyrde vi nokon sei: "Didn't we see you on the concert yesterday?" Det var to eldre ektepar frå Canada. Dei var på ein liten tur til London,og hadde gjort akkurat same erfaringane som oss: I går var dei på same konserten som vi, i dag drog dei tilbake for å ete middag og nyte stemninga i kyrkjekrypten ein gong til, akkurat som oss! Det blei ei veldig hyggeleg samtale, før vi reiste til hotellet for å pakke og leggje oss.

Laurdag 19. april.

Opp klokka 6, det er tidleg på ein laurdag.. Frukosten var stille og roleg, vi var heilt aleine i matsalen, og så var det å trave rett til T-banen, til Liverpool Street station. Midt i veka kunne det vere heilt smekkfullt på T-banen, men no var det god plass, nydeleg! Tog- og flytur gjekk greitt, sjølv om ventetida på flyplassen var lang, og midt på dagen landa vi trygt på Torp flyplass.



TAKK FOR EIN OPPLEVELSESRIK OG FIN TUR!

Hjarteleg helsing Herdis