Knarren Rundt

Sjå status for preparering av løypa

Sjå vervarsel for løypa

Knarren rundt er eit vanleg turlangrenn på Fjågesundheia, heia mellom Tørdal og Fjågesund, men turrennet skil seg likevel ut frå ordinære turrenn først og fremst på den korte lengda. Då løpet såg dagens ljos i 1979 rekna ein rundløypa til å vere om lag 13 km. Ved hjelp av moderne måleutstyr viser det seg at det var litt for drugt. Fjelltoppen "KNARREN" som har gitt navnet til turrennet Fjelltoppen "KNARREN" som har gitt navnet til turrennet Måling med GPS og anna utstyr viser at løypa er snautt 11,5 km. Kanskje er det den korte lengda til turrenn å vere som gjer løpet svært populært.

Den korte løypelengda til trass så går løparane innom tre kommunar, Kviteseid, Drangedal og Nome. Starten går i Kviteseid komunune, deretter kjem ein inn i Drangedal og Nome før ein avsluttar i Kviteseid kommune att.

Namnet på løpet kjem av fjellet Knarren som kneisar 748 moh. Løypa rundar denne nokså markerte toppen, og frå gamalt av skal dette området ha vore kjent bjønneterreng. I boka til den gamle herredsskogmesteren Håkon Danevad, ”Bjønn og bjønnejakt i Drangedal”, kan ein lese om binna i Knarren. Jakta på binna i Knarren skal ha vore ei av dei aller siste bjønnejaktene i distriktet som gav resultat. Året var 1915, og det var fire jegerar frå Tørdal som var med på denne historiske jakta.

Det var brørne Øyvind og Inge Rosland frå Tørdal som fekk ideen til dette løpet. Karane var på tømmerhogst på Sjauset i øvre Tørdal då praten i ei matpause skulle kome til å danne grunnlaget for Knarren rundt. Dette var truleg vinteren 1978. Den gamle vegbrakka vart nytta som kiosk dei fyrste åra. Den gamle vegbrakka vart nytta som kiosk dei fyrste åra. Dei hadde nok prata om dette tidlegare også, men det blei litt meir konkrete planar denne dagen. Ein viktig årsak til at temaet kom opp var Nissedal – Tørdalløpet. Dette tadisjonsrike turrennet såg nå ut til å endre karakter frå å gå mellom bygdelaga Tørdal og Nissedal til å bli ei rundløype oppe på Kyrjebygdheia. Med glasfiberski og stadig større fart blei det uforsvarleg å sende løparane frå heia og ned til bygda. Øyvind og Inge ynskte framleis å arrangere skirenn i bygda, og Fjågesundheia blinka seg ut som ein bra plass for eit slikt tiltak. Her var dei òg lommekjente då skogen i desse heiane hadde vore arbeidsplassen deira i mange år.

Det vart mange turar på heia for å finne ein god løypetrase, og dei ville leggje løypa i eit terreng utan for krevjande utforkøyringar. Ein trase til Slettfjell blei vurdert, men her var det vanskeleg å kome nedatt på ein grei måte. Då Øyvind er busett i Tørdal og Inge i Fjågesund, og Fjågesundheia ligg midt mellom desse bygdene, var det naturleg at IL Tørn og Fjågesund IL samarbeidde om dette arrangementet. Kona til Inge, Bodil Rosland, har for øvrig ikkje mindre enn tre sigrar i dameklassa i dette løpet, 1979, 1980 og 1981.

Det er kosleg med ein rast i den fine påskesola Det er kosleg med ein rast i den fine påskesola

Løypa i dag er nokså lik den frå 1979. Dei første par tre åra gjekk ho frå Jomfrutjenn og Knarrholet ned til lille Furuvann (”Lillfuruvann”), over isen på nordre Furuvann og opp til Furuvannsstua. Då ein fekk problem med vårisen på Furuvann blei løypa lagt om frå Knarrholet til Furuvannsstua, ein strekning på om lag ein kilometer. Løypa gjekk om ”Lillfuruvann” dei to tre første åra. Det har òg vore små endringar andre stader, men løypa er i dag mykje lik den ein gjekk i starten, og ein kan difor samanlikne tider frå år til år.

I åra 1989, 1993, 1998 og 2005 blei løpet avvikla i alternative trasear, men i heilt ulike alternativ. I 1989 fylgde ein løypa til Furuvannsvegen, og delar av denne vart brukt. Etter vending ved Gardtjennslåttene gjekk løypa i terrenget frå Klåta til Grautknappsvegen før ein fylgde Knarrløypa motsett veg til Myrheim, og derifrå 2,5 km løypa inn til mål. Våren 1993 var Holmvassvegen brøytt grunna tømmerdrift, og løypa blei lagt om frå Johans dammar ned til Sporastaul og Myrheim for så å avslutte i 2,5 km løypa. I 1998 gjekk løparane 2,5 km sløyfa med forlenging på Myrheimsjordene tre gonger, og i 2005 gjekk løypa til Holmvatn med ein ekstra runde rundt vatnet, og vanleg inngang frå Holmvatn.

Det er folksamt når dei aktive kjem i mål Det er folksamt når dei aktive kjem i mål

I dei seinar åra er det gjort mykje arbeid i traseen for å kunne starte løypeprepareringa tidlegare på sesongen. Gravemaskinarbeid blei utført i 2005 og 2006, og særleg ved Furuvann, Sandtjenn og Holmvann er løypa blitt monaleg betre. Med litt våt snø så kan ein nå peparere løypa med 20 – 30 cm snødjupn. I åra 1990, 1992 og 2000 måtte ein avlyse løpet grunna snømangel.

Løpet har skjærtorsdag som fast løpsdag, men ein har bruka påskeaftan som reservedag når tilhøva har vore dårlege på skjærtorsdag. Då denne dagen som regel fell langt utpå våren har det ofte vore blautt og sugande vårføre for løparane.

Det er gjerne skarpt og lett føre frå morgonen av, men eit ordenteleg sliteføre møter dei aktive seinare på dagen. Ein kan vel seie at dette er det typiske ”knarrføret.”

Ny deltakarrekord vart sett i 2009 utgåva med 454 løparar tilsaman fordelt på 366 i trimklassa og 88 i den akive klassa.Deltakarrekorden i den aktive klassa blei sett nå i år (2013) med 117 løparar. Av desse deltok 16 i Miniknarren på 3 km som var eit nytt tilbod i år. Også løyperekorden til Anders Aukland frå 2008, 31.33, blei sletta i år. Mikael Gunnulfsen frå IF Ørn/Grenland ski gjekk på imponerande 30.05. Tor Håkon Holte gjekk i 1985 på 32.08, men dette året gjekk dei beste i friteknikk. Det er for øvrig einaste året aktive har kunne nytta denne teknikken. Det er mange premiar både til aktive og trimmerar Det er mange premiar både til aktive og trimmerar Tor Håkon hadde sin beste sesong som langrennsløpar dette året. Han vart nummer to i verdscupen bak Gunde Svan, verdsmeister i stafett i Seefeld saman med Arild Monsen, Pål Gunnar Mikkelsplass og Ove Aunli, noregsmeister på 50 km og han vann 50 kilometeren i Lahti denne sesongen.

I dameklassa er det to systre som har dei beste tidene. Tonje Cathrine Eie gjekk i 1994 på 42.59 medan systera, Kari Henneseid Eie, har rekoren på 41.56 anno 2006.

Flest sigrar i herreklassa har Bent Arve Bratås med tolv totalt medan Halvor Utistog har vunne løpet tre gonger. I dameklassa har Eva Lundtveit, Jekke Liby og Kirsten Vålstad Aas sigra fire gonger kvar. Bodil Rosland har som nemt vunne tre gonger, og familien har tilsaman fem totalsigrar då døtrene til Bodil og Inge også har vunne løpet. Bjørg i 1983 og Sissel i 1987.

I tillegg til Tor Håkon Holte sitt besøk i 1985 har fleire storløparar kasta glans over arrangementet. Brødrene Aukland, Vibeke Skofterud, Jens Arne Svartedal og Tord Asle Gjerdalen har alle sette sine spor i løypene på Fjågesundheia.

Tek her med ein oversikt over dame og herrevinnarar frå 1979 – 2012 samt kor mange som har delteke totalt, og kor mange av desse som gjekk på tid (aktive).