Fjågesund Skule

17mai toget passerar Fjågesund skule 17mai toget passerar Fjågesund skule

Fjågesund skule vart oppført i 1911, og var då eit lafta tømmerhus i 1½ etasje på 3 mål tomt.

I 1946 vart skulen påbygd, og i 1979 vart det installert toalett, dusjrom og garderobar i 2. etasje.

I 1997 fekk skulen nytt tilbygg mot sør, med romsleg klasserom for småskulen, terrasse, toalett og garderobe. Skuletomta vart også utvida: Mot sør fekk vi større leikeområde, mot nord ein romsleg parkeringsplass.

Fjågesund skule vart nedlagt 01.01.2010.