Fjågesund vassverk

Midt på 1870-talet blei det bygd eit privat vassverk i bygda, med uttak i åi som renn midt igjennom bygda ved Grendehuset vårt. Vassverket har blitt utvida og modernisera i takt med aukande behov, og er til dags dato privat.

Fjågesund Elektrisitetsverk.

I fyrstninga av 1920-åra vart det skipa eit interessentlag for å få elektrisitet til bygda.

Fjågesund Elektrisitetsverk. Fjågesund Elektrisitetsverk.

Det tok likevel nokre år før draumen vart realitet, men i mars 1938, etter fleire somrar med materialtransport, dambygging, grøftegraving, linjebygging, montering og installasjon, hadde bygda eit kraftverk som levera 100 kW med ei spenning på 5000 volt. Sølve kraftverket var kjøpt bruka frå Eidsborg gruver, men generatoren og røyra vart kjøpt nye. Den totale kostnaden for verket kom på ca 60000 kr. Dåverande eigar av Fjågesund gard, Torjus Fjågesund, hadde nok mesteparten av æra for at prosjektet vart gjennomført til slutt.

Mangelen på nok tilførsle av vatn, var ein av hovudårsakane til at bygda måtte etterkvart kaupe ekstra kraft frå Drangedal e-verk, men Fjågesund kraftverket tente bygda trufast heilt til 1967, og det står mest uforandra slik det gjorde då, berre trerøyra er rotna bort.