Stortjuven Halvor Gunneson

Halvor Gunneson var fødd på ein plass i Fjågesund i 1796. Det vart sagt at han i sin ungdom var ein likandes kar i bygda, og populær blant jentene. Han fekk lite skulegang, men det blei sagt at han hadde eit godt hovud.

Det ryktast at han alt i tidleg alder dreiv med noko smånasking, men aldri noko så verdifullt at folk gjorde noko med det. I ein alder av 20 år vart han trulova med ei jente i Fjågesund, men måtte bryte trulovinga då foreldra hennar nekta å godkjenne giftarmålet. Dette gjekk sterkt inn på guten, og han reiste frå bygda. Det neste ein høyrer om han, er i "bolt og jern" på Akershus festning, der han fekk dom for tjuveri. Livet bak murane passa han heller dårleg, så snart såg han sitt snitt til å koma seg vekk. Etter å ha kvitta seg med boltar og jern, Halvor Gunneson, jarhalsringen skal av. Halvor Gunneson, jarhalsringen skal av. var han snart i gang att med karriera som tjuv, etterkvart også i samarbeid med m.a. Gjest Bårdsen og Ole Høyland. Etter fleire turar innom Akershus, vart han særleg sikra for at han ikkje skulle stikke av att, med ein jernklave rundt halsen som truleg var festa til ein kjetting. Men heller ikkje dette nytta. For det varte ikkje so lengje før Halvor hadde atter ein gong rømt, og oppsøkte denne gongen bror sin Tarjei, som budde på plassen Kleiv i Bergstod. Han let seg overtale til å fri bror sin for halsklaven med ei øks, noko som var risikabelt i seg sjølv. Klaven vart gøymd under ei steinhelle der han vart funnen mange år seinare og teken vare på. Klaven veg om lag ein kilo og er 3,5 cm brei.

Halvor fortsette etter dette si karriere som tjuv, med fleire turar inn og ut av fengsel. Det var ikkje før han som gamal mann, trøytt og utkøyrd, søkte sjølv om å få sone straffa si, at han heldt seg lengje nok innafor murane til å søkje og få kongens benådning. Han kom att til bygda i 1860-åra og enda sitt liv som ein fattig mann. Historia seier at han gøymde vekk tjuvgods i bygda som han ikkje greidde å finne att, så kanskje kan ein vera heldig viss ein leitar..